onsdag 6. april 2016

TID – eit relativt begrep eller ein faktisk fysisk tilstand



I det siste, har tida vorte mykje meir dyrebar for meg.
Eg tenkjer oftare på at eg må nytta tida.
Og eg tek meg i å tenkja at det faktisk er kortare i den enden som er att enn i den enden som har vore.
Eg kjenner at tida går svært mykje fortare no enn den gjorde før.
For kor lenge sidan dette fenomenet gjorde seg gjeldane, kan eg ikkje tidfesta.
Det er nemleg også noko som har vorte meir synleg; å ikkje greia å tidfesta kor lenge det eigentleg er sidan ein spesifikk situasjon hende.
I slike påkomande tilfelle, må eg ringja syskjenbarnet mitt, ho Borghild, som er 10 år eldre enn meg, men som etter at mor mi gjekk bort (og når var det, mon tru??), er det ho som har teke styringa på tidfesting av viktige hendingar i tida.
Tida – den går veldig fort når ein har pause, men sakte 5 minuttar før arbeidstida er slutt. Spesielt på seinvakta på Thon Hotel Sandven.


Som døme på fenomenet gamalt eller nytt, kan eg til dømes ta den svarte DBS- sykkelen min. Den vart kjøpt på Soldalen i 1986. Etter mine begrep, er den like flott og framleis forholdsvis ny!


Den grå Berlingo'en min trudde eg var mykje eldre enn den blålilla Corolla'en eg arva. Eg var supernøgd med å få meg ein «ny» bil. Det synte seg etter å ha finlese medfylgjande papir, at det var omvendt. Og at dei begge var rekna for å vera gamle.



Det tredje døme eg vil koma med, er Russen 1980. Mitt eige russekull. 
Me skal ha jubileum no i april. Etter å ha rekna etter, vart det nøyaktig 36 år!
Kva har skjedd??


Thomas.
Eg fekk dela tida med Thomas i 5 
1/2 år. Det var ei kort tid.
Idag er det eitt år sidan han drog til Somalia for å arbeida for FN.
Ja! eg er glad for dei åra me fekk! Eg ville ikkje vore dei forutan. Men, og her er det faktisk eit MEN, sjølv om eg så ofte eg kan, ynskjer å bruka OG i staden for. Eg skulle så veldig gjerne fått dela fleire år av mitt liv med Thomas. Me var liksom nett begynt. Det hjelper på ein måte ikkje å vera glad for dei åra me fekk. For å vera ærleg, får eg 
det eigentleg ikkje heilt til.
Dette opptek meg sterkare etter som tida går. Eller kjem. Og det er umogeleg å forklara det med noko anna enn indre kjensler. Slik er det berre.

Det som er sikkert, er at eg skal nytta tida det beste eg kan, om den er kort eller lang, går fort eller seint.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar