mandag 21. mars 2016

Palmejazz

Hordaland Folkeblad 18.03.2016

Sola har varma oss opp over lengre tid og eg var på nippe til å ta ut sykkelen her ein tidleg morgon 
kl 06.40. Det synte seg at det var spinnglatt på vegane og det ville vore med livet som innsats, eg hadde nytta sykkel nedover Norheimsvegen denne morgonen.






Det er noko eige med våren. Eg er fødd om våren og har i all mi tid elska dette med å ta på «småsko» når vegen turkar opp. Det eg derimot ikkje har sansen for, er alt dette ljoset. Det er ljost når eg vaknar om morgonen, det er ljost når eg går heim etter tidlegvakt på Thon Hotel Sandven. Det ljost til langt på kveld og verre skal det verta utover våren. Støvet virvlar opp i solljoset. Det er eit under at me i det heile greier å pusta i dette støvuniverset. Nei, eg likar meg best i når det er litt dunkelt rundt meg.

Då er det godt å veta at det går mot palmehelg og mørke jazz-konsertar på Voss.
Lokaler med gardinene godt att og smygande tonar frå scenene.
Fyrste gong eg deltok på denne fjelljazzfestivalen, var i 1978. Eg var ikkje heilt fylt 18 år og dermed eigentleg ikkje heilt gamal nok til å sleppa inn. Dessutan var eg totalt blank for kunnskap om denne musikken og gjekk på konsert etter kor dei som kunne dette, sa det var kjekkt å vera.
Det var heilt tilfeldig at eg var til stades og eg var den einaste i venekretsen som fann vegen opp til ei iskald vinterhelg på Voss dette fyrste året. Etterkvart har dette endra seg. Vossajazz vart flytta til Palmehelga. Me vart fleire som reiste og me fekk kanskje litt meir peiling. Og eg har hatt mange av dei mest fantastiske musikkopplevingar gjennom tidene, nettopp på Vossajazz.


Eg ser på vermeldinga at det skal vera overskya opphaldsver i palmehelga. Perfekt festivalver.
Ynskjer alle lesarar ei riktig fredeleg og god påske, med mykje sol, godt skiføre, påskekrim, godt selskap og god mat!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar