fredag 4. mars 2016

Ljoset - mørkret


Eg trur jammen eg er medlem av «annleisklubben».
Eg har ikkje tenkt å gjera noko vesen av det, altså.
Eg berre nemner det.
I ei bi-setning.

Saka er nemleg den at dei fleste eg kjenner (les ALLE) , gler seg til ljoset.
No går me mot ljosare tider – no vert alt betre.

Så kven kan då, med vitet i behald (eit ope spørsmål, forresten),
meina at det er ein uting med alt dette ljoset!
Det gjer eg!
Og antageleg eit par andre.
Kanskje.
Eg vil ha ljoset sløkt seinast klokka 20:00!
Og så kan det verta slått på att sånn cirka til frukost.
Eg vil sova om natta – ikkje sola meg.
Eg vil sitja på altanen og med ljos i lykta mi.
Det har liksom ikkje den same effekten og kosen, når sola skin eller det er ljost??
Eg vil gøyma meg vekk og krypa inn i mørkret.
Eg vil ikkje føla meg pressa til å slå plenen eller gå tur eller gjera eitt eller anna ute heile døgeret.

Og dette står eg for.
I ein alder av den alderen eg har, står eg fram.
Eg likar mørkret.
Eg vil gjerne ha sol og varme JA, men eg likar meg best i mørkret.

Ei ordning kunne vore å flytta sørover.
Men no er eg no ein gong hamna her i Norge og eg likar meg godt her.
Eg har hus og jobb og forstår både kultur og språk.

Eg har 
så vidt diskutert dette med andre og dei nemnde m.a ljostette gardiner.
Det er heller ikkje heilt det same.
Dessutan har eg det – men ljoset pressar seg inn rundt kanten likevel.

Det er nok mange gode løysingar på mitt vesle «problem»
Den beste løysinga er å gleda seg over mangfaldet

- og til mørkare tider når sola snur!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar