tirsdag 23. februar 2016

Kjerringa mot straumen

Idag har eg teke meg tid til å lesa aviser.
Eg er ikkje så god på å lesa aviser på nett og har difor eit abonnement på ¨BT-helg.
Dermed vert det fort eit opplag med aviser som vert liggjande å venta, dersom eg har vore vekke ei helg.
No er eg komen fram til søndag 22. februar. Altså igår.
På vegen har det dukka opp eitt og hitt som har festa seg.
Mellom anna ei ung dame som greier seg utan mobil-telefon.


Jaha – tenkte eg, så sta var eg også ein gong.
Det var ikkje snakk om at eg skulle ha ein slik, nei.
SÅ viktig var eg no dog ikkje, at eg måtte vera tilgjengeleg til ei kvar tid.
Og litt sta er eg framleis, for eg vil berre ha mobil med tastar.

Lettare fasinert, starta eg på den vesle artikkelen om denne dama mot straumen.
Men det vara ikkje lenge før eg kjende ein irritasjon veksa fram i mageregionen.
Denne dama gjer seg for det fyrste avhengig av at andre har apparaturet ho ikkje sjølv vil eiga.
Og for det andre, seinkar ho informasjonsflyten til dei ho har rundt seg både i arbeid, familie og skule.

Tankane mine spant vidare til ein av dei få gongene eg verkeleg har terga meg opp på folk som skal gjera alt etter si eige nase, utan å ta det minste hensyn.

Det var då eg såg tv-programmet om dama som reiste verda rundt og haldt foredrag om at ho ikkje trong å eiga noko som helst......
Det ho då levde av og med, var det andre folk var i besittelse av.
Ho var t.d. totalt avhengig av at vener (eller «vener») let henne få ei seng frå tid til annan.
Ho gjorde seg avhengig av at folk frakta henne rundt i bilar dei eigde.
Ho gjorde seg avhengig av at dei som skulle ha hennar foredrag, intervjua henne på radio og TV osb. betalte fly, hotell og mat.
Ho gjorde seg avhegig av at dei som hadde for mykje klede gav litt til henne.
Eg nemner i fleng.

Nei – du treng ikkje eiga noko, når du har slike «vener»? Treng du vel?

Det er heilt greitt å vera alternativ.
Og eg tykkjer det er flott og har stor respekt for dei som prøver å gjera verda til ein betre stad å vera.
Eg tykkjer likevel at det lyt vera foreineleg med det samfunnet me faktisk er ein del av.

Eg er litt av den sorten som syns mykje av det nye kan kjennast om ikkje farleg, så utrygt.
Digipost, «mine sider» overalt, nye profilar, passord – det er rett og slett litt utmattande.
Eg skulle handla noko her ein dag, og måtte jammen oppretta ein pay-pal-konto også.
Det var rett før eg droppa heile kjøpet. Men sidan det var eit slikt godt produkt, beit eg tennene saman og oppretta denne kontoen.
Og så var det dette passordet då.
Som må vera ulikt alle dei andre passorda eg er innehavar av.
Og eg er berre 55!! Kva med dei på 80??


Nei, no treng eg litt luft.
Ut på tur.
Eg tek med med telefonen min – med tastar – i tilfelle eg dett og bryt lårhalsen eller noko!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar