Eit ord
- ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til -
Eg må ha fleire steinar
skal eg kome over.
(Olav H. Hauge)
Me var fem rundt bordet
I glasa var både raudt, kvitt og brunt
Me reinska reker og åt med god appetitt
Praten gjekk lett og det var godt å vera
I glasa var både raudt, kvitt og brunt
Me reinska reker og åt med god appetitt
Praten gjekk lett og det var godt å vera
De har ikkje funne ein stein vel, spurde eg
Jau, fekk eg til svar, den ligg rett utanfor døra
Jau, fekk eg til svar, den ligg rett utanfor døra
Ein stein var endeleg komen til rette!!
Ein stein eg har leita etter sidan juni
Ein stein fleire enn eg har hatt i tankane sidan juni
Steinen vart opprinneleg lagt på grava til ein katt – Sjefen
som drog til dei evige musejaktmarker etter å ha bukka under for katte-aids
(Ja, det finst katte-aids)
(Ja, det finst katte-aids)
Då eigaren flytta frå eigedomen Sjefen vart gravlagd på, tok han steinen med seg
Lite visste me då at den skulle få ein ny symbolsk status, etter ganske kort tid
No ligg den og minner oss om ein flotte kar som sym rundt i dei undersjøiske jaktmarker
Det gjer godt
Det gjer jysla godt å ha funne att nett den steinen!

Eg er litt steingalen – og heime på peisomnen min, ligg ein til forveksling, liknande stein som denne
Den plukka eg med meg, nokså uvitande om at det ikkje var lov, frå ei strand i Rogaland
Saman med ein god ven var eg på telt-tur, og me plukka med oss kvar vår flotte stein
og bar dei med oss fleire kilometer, der me vandra over endå fleire flotte steinar, som såg ganske like ut som dei me bar på
Me merka oss at folk såg rart på oss, men trudde det var fordi me bar stein med oss på ei strand full av steinar
Vel heime fekk me veta det at me hadde gjort noko ulovleg
Det tenkjer eg på kvar dag, når eg ser på den flotte steinen som ligg på peisomnen heime i stova
Likevel er eg glad eg tok meg bryet

No har eg to – eg må ha fleire steinar skal eg kome over
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar