onsdag 10. februar 2016

Eg vaknar or svevnen - til synet av sparkel

Sakte vaknar eg or svevnen.
På godt og på vondt.
Hendingar gjennom 2015 har manifistert seg og lagt seg som ein klomp i magen 
som alltid er der.
Det er vanskeleg å få den vekk sjølv meg massiv tankeverksemd forsøkt lært gjennom bøker som «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre»(bøker av Ingvard Wilhelmsen)
Kan bli litt ufokusert på anna då.


No har eg budd i nytt husvære sidan 1. juli. Det er 7 månader.
Her har eg gjennom sakte oppvakning, oppdaga eit par ting eg gjerne skulle ha gjort noko med. Og noko har eg gjort, noko let venta på seg.
Mellom anna har eg tenkt at eg gjerne skulle gjera noko med dei synlege spikarhola i listene som sperrar opp augene kvar gong eg ser på dei.
Så i sist veke gjekk eg til innkjøp av Alanor reparasjonsvoks for spikerhull og sprekker. I farge bomull. Dette skulle gjera susen.
Det tek litt tid å koma igang, men eg merkar at fokus gjerne går mot listevektet nærast taket, der eg bevegar meg gjennom min  forholdsvis nyervervde bolig. (Som for dei som ikkje veit det, befinn seg ein etage ned frå der eg budde før)



Idag fyrst – oppdaga eg at nokon har tenkt på dette før meg!!! På lista over inngangsdøra, lyste dei imot meg; 8 spakla spikerhol!!
Døra som eg har opna og lukka utallige gonger, og mange andre med meg, men eg har aldri lagt merke til dette påbegynte arbeidet. Somme av dei som har gått ut denne døra, har kanskje lagt merke til det, men ingen har sagt noko. Dei har kanskje tenkt at den noverande eigaren, altså meg, var igang med eit putlearbeid som ville ta litt tid.


Men nokon, ikkje meg, har tydelegvis byrja på dette møysommeleg arbeidet med å skjula spikarhola, men nokon hadde etter 8 hol, kjent at dette berre vart for bale!

Eg måtte beint fram skratta høgt for meg sjølv. Ein fantastisk befriande latter.

Så no er eg klar for å ta meg ein tur ut i sola!
Lurer på om eg skal ta solbriller på!!

1 kommentar: