Me var 4 rundt bordet og skulle dela barndomsminner.
Dei andre tre hadde alle sommar-minner. Fine minner og eit par litt plagsomme minner.
Minner om togtur til bestemor, hesjing og fri oppdragelse i fri natur på fjellgarden til slekta.
Ein ufrivillig hyttetur med mor og far då den litt eldre systera fekk vera aleine heime. Den lengste ferieturen i historia og fortona seg som ei evigheit - men som i realiteten kun vara i nokre dagar.
Sterkast hjå meg var lukta av nystrokne bakar-klede og varm kakao etter ein lang dag på skeisse-isen på idrettsplassen. Kombinert med ein langsamt forsvinnande naglabet* og mor mi sine historiar frå gamledagar, skil dette seg definitivt ut som det beste minnet. Trass i naglabeten.

Minner. Det er fint med minner. Ved å trigga tanken, dukka det sjølvsagt opp sommarminner også hjå meg. Sommarane var varme og me bada heile tida. Uansett regn eller sol.
Telturar ute i hagen. Fisketurar i Askeladden til veninna mi. 6 Hk påhengs. Eivindrude. Uttalt rett fram som skreve.
Eksotiske feriegjester frå austlandet, Bergen og like frå Sverige. Born på min eigen alder som besøkte besteforeldre i Norheimsund. Fleire av dei har eg kontakt med framleis.
I denne minnebølga,
dukka det opp erindringar om Cirkus Löwe. Om dei jamgamle artistane
Isabella og Karina, som me traff att år etter år, og som me hadde
brevkontakt med om vinteren. Lurer på kor dei er no?
Me sprang beina av oss når det kom sirkus til bygda. Sirkus fasinerte oss og me jobba som heltar i hesteteltet. Strigla og kosta og bar vatn og klappa og haldt på. Det var eit eventyr for oss det livet der. Det var fyrst då eg vart ein del eldre at eg såg realitetane bak.

Relasjonar dukkar
opp i liva våre – og så kan dei forsvinna att. Nokon blir for
evig. Nokon blir i fysisk tilstand – andre som minner. Nokon set
seg meir fast enn andre og ein kan kjenna det som eit tap i eins eige
liv når dei er borte. Borte reint fysisk som døde eller borte som
partnar, forelder, barn eller som ven. Det gjer vondt og me kan få
problem med å pusta skikkeleg. Denne tilstanden kan til tider lamma
ein fullstendig og kan gjera det problematisk å omgå andre
menneske. Men det betyr ikkje at andre menneske ikkje kan omgåast.
Det vert ei treningssak.
Angsten for tap kan virka lammande – og det er krevjande å ta kontakt og halda på dei relasjonane som faktisk framleis finst.
Det kan vera vanskeleg å ta imot ein invitasjon av typen; «Du må berre stikka innom. Me er her». «Berre ring om du treng hjelp med noko».

Eller av typen; «Eg
kjem innom ein dag». «Me skal ha fest. Då skal me invitera deg
også» osb.
Velmeinande og gode invitasjonar. Men ofte vert det gløymt. Den som tek imot, går kanskje og ventar, og til slutt er det heile eit minne ein helst vil gløyma.
Velmeinande og gode invitasjonar. Men ofte vert det gløymt. Den som tek imot, går kanskje og ventar, og til slutt er det heile eit minne ein helst vil gløyma.
Eitt av mine mange
livsmotto eg prøver å leva etter, er å ikkje lova meir enn eg kan
halda.
Min eigen vesle «ver varsam plakat»!
Min eigen vesle «ver varsam plakat»!
I somme situasjonar
har dette gjort at eg har følt meg ganske egoistisk og grusom. Men
vissheita om at eg ikkje kan eller greier å fylgja opp, har gjort at
eg likevel har halde meg roleg.
På den måten kan
ein kanskje også samla krefter til faktisk å stikka innom ein dag.
Eller til å overraska den tidlegare naboen med å invitera henne med
på kafé eller konsert.
Kjekkt for begge to.
Å leva godt er å overvinna angsten for tap.
Kjekkt for begge to.
Å leva godt er å overvinna angsten for tap.
*Naglabet:
Forfrysning av tær som går over i kløe ved oppvarming.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar