![]() |
Thomas og eg i fin kjøkkendans-stil |
Godt nytt år!
Eg har eit prinsipp med denne bloggen - og det har eg brote eit par gonger tidlegare.
Prinsippet eg siktar til, er at eg her alltid skal vera positiv og at innlegga ikkje skal kategoriserast som sutring. Eg er nok ikkje heilt innanfor med dette innlegget - men det får så vera.
Idag opnar Thon Hotel Sandven etter å ha vore julestengt sidan 21, desember. Det vil seia at eg har hatt usedvanleg mykje tid til å fundera over året som har gått. Og eg må få lov å vera ærleg å seia at dette året skulle eg ynskja at eg kunne hoppa bukk over. Eg samanliknar det med då eg midt under ei av mine traumatiske tannlækjar-behandlingar då eg var 7 år, sa til mor mi; "kan me ikkje berre gå heim no? Eg har ikkje lyst meir".
Slik føler eg det no; eg har ikkje lyst å kjenna på alle disse kjenslene meir. Det er nok no. Eg syns at han Thomas kan koma heim att!
Tidlegare i dette herrens år 2015, var eg i ei gravferd på Voss, der bror til ho me fylgde til grava, hadde ein tale som fortalde oss at ho som var gått bort ville at me skulle "danse - ikke gråte nå".
Dette har lagt i bakhovudet mitt heilt sidan eg fekk beskjeden om at Thomas ikkje var her meir.
Og eg har gjort så godt eg har kunna. Eg har freista gjera som så mange så velmeinande har minna meg på; "du har så mange gode minner. Du må fokusera på dei gode minna".
Men det skal eg vera ærleg å seia - det er slett ikkje så enkelt! Og det er rett og slett ikkje så jysla kjekkt å dansa heller.
Tilfeldigheitene skulle gjera det slik at eg kom over denne låten med Silje Nergaard Danse danse
Den traff meg.
Som "god tur-gåve", gav eg han Thomas eit krus designa av Bjørg Thorhallsdottir. Denne vart sjølvsagt og heldigvis, ikkje med til Somalia og kruset er no flittig i bruk av meg. Stort sett kvar dag.
Eg skal gå det nye året i møte med von om at klompen i magen vil minka og at det kan verta kjekkt å dansa igjen. Eg skal fokusera på gode minner. Og eg skal halda fram den "merkelige, morsomme, triste, glade, rare, underfundige reisen igjennom livet".

Ynskjer deg eit riktig godt nytt år.
SvarSlett