(Ein refleks på trykk i HF fredag 11.12.)
Ein dag eg sat på venterommet på Norheimsund Legesenter, landa augene mine på ein liten notis i vekebladet Hjemmet. Den hadde overskrifta
VINDU,
MIDTEN ELLER MIDTGANG
Augene
gleid vidare og bodskapen var like overraskande som sjølve
problemstillinga;
Har
du reflektert over hvor i flyet det er størst opphoping av
bakterier, hvor det er størst sjanse for å bli smittet om noen
medpassasjerer er syke? Mange foretrekker å sitte ved midtgangen,
nettopp fordi det setet virker tryggest.
Men det er feil. Det er der de gjerne er, bakteriene. Det er fordi alle på rekken tar på setet når de går frem og tilbake til toalettet.
Men det er feil. Det er der de gjerne er, bakteriene. Det er fordi alle på rekken tar på setet når de går frem og tilbake til toalettet.
Nei
tenk – det hadde eg verkeleg ikkje tenkt over. Og ikkje veit eg
heilt om eg har tenkt å reflektera noko særleg over det no heller.
Noko så borti staur og vegg meiningslaus bekymring har eg aldri lese
på trykk.
Det
har aldri sveve meg eitt einaste sekund at eg må setja meg lengst
vekk frå midgangen i tilfelle ein av mine medpassasjerar ikkje
vaskar hendene etter eit toalett-besøk. Det må no vera verre og
meir påfallande farar å bekymra seg over når ein fyrst skal
bekymra seg i fly. Mistenkelege lydar, lyn frå klar himmel,
blodpropp i beina osb. osb. Det er verkelg mykje å ta av. Men
dette??
Konklusjonen
min på at dette tema i det heile tatt fekk spalteplass, var at dette
måtte vera ein avledningsmanøver til dei med alvorleg flyskrekk;
Det finst meir nærliggjande ting å bekymra seg over enn at flyet
skal detta ned eller noko i den dur.
Kjelda
til galskapen var www.goodhousekeeping.co.uk.
Eg
har enno ikkje våga meg inn for å sjekka kva meir dei har å
formidla der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar