På min nesten daglege runde i matbutikken,
oppdaga eg ei vare i hylla som eg trudde var gått ut av sortementet
for lenge sidan, nemleg strykestivelsen «Stiff» på sprayboks! Logo
og bilde var det same og bildet antakeleg teke på 70 – 80 talet.
Strålande blide modellar; ein mannleg og ein kvinneleg, i kvite skjorter mest sannsynleg
stiva med «Stiff».
Som ein del av arbeidskleda mine på Thon Hotel
Sandven, inngår det kvit skjorte. Og eg har merka meg at snipp og
mansjettar er adskilleg meir handterlege på nye skjorter enn dei eg
har vaska og stroke heime. Så ved synet av sprayboksen i hylla,
openberra det seg ei løysing på det! Her skulle det stivast med
nettopp «Stiff». Kan nesten ikkje venta!
«Morgon
og kveld» av Jon Fosse, går for fulle salar på Nationaltheatret i
Oslo.
Eg hadde gleda av å sjå denne meisterframføringa no i januar. Det var sterkt, vakkert og forløysande.
Regi Hildegun Riise, musikk Benedicte Maurseth, scenografi Åse Ljones og framføring Anne Marit Jacobsen og Benedicte Maurseth.
Den 13.11.15 hadde same stykke verdspremiære som opera ved the Royal Opera House i London med mellom anna Klaus Maria Brandauer i rolla som Olai.
I april skal den setjast opp på Deutsche Oper i Berlin.
it's a meditation on life as seen from beyond the grave, and it follows the free-associative rhythm of a dream skriv The Independent i ein av omtale av denne oppsetjinga i .
Her er det berre å stiva skjortesnippen, ta av seg hatten og bøya seg i støvet!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar