tirsdag 10. november 2015

Kattamaling



Idag har eg innført eit nytt begrep – kattamaling.
Det har ingen ting med å mala som ein katt å gjera.
Nei, det er fritt omskreve etter begrepet kattavask – som betyr ein lett vask i full fart.
Slik ein gjerne gjer når ein er på hyttetur, inter-rail eller skal vaska seg i ein kald fjellbekk.

Årsaka til mi omskriving, er at veggene i kjellartrappa mi no har gått frå ein slags rosa kolør til ein meir ljos blå. Mine to fantastiske hjelpsame snikkarvener, som i det siste har fiksa både vegg og lister rundt døra, meinte begge at eg måtte sparkla og pussa før eg gjekk igang med å mala.
Og eg var for så vidt innstilt på det.
I alle fall hadde eg nesten funne fram sparkel.
Då gjekk det opp for meg at det var Thomas som hadde utført dette arbeidet sist det skulle malast og sikkert gongen før det også, og at det av same årsak antakeleg var han som hadde supplert med nemnde stoff. Dermed stod eg der, i full maleuniform, utan sparkel.
Pokker tenkte eg, orkar ikkje ned i Grove (Norheimsund sentrum) no – og det er no berre trappenedgangen til kjellaren.
Som tenkt, så gjekk det eit lettelsens sukk gjennom gangen.
Ingen sparkling – ingen pussing!!
Eg må vera ærleg å innrømma at eg rett og slett avskyr pussing!
Og no når systrene skal koma på besøk, hadde eg eit intenst ynskje om å gjera denne jobben.
Må jo vera fint når ein får systrer på besøk!

Dermed sette eg igang, det beste eg evna.
Og eg må sei meg godt nøgd med strøk nr 1.
Strøk nr 2 kjem på i morgon – og kanskje det ikkje vart heilt kattamaling likavel??

1 kommentar:

  1. Det blir kjempefint utan sparkel og puss for systrene, det hadde eg også gjort. Hurra for kattamaling!

    SvarSlett