Eg har i disse dagar, kome opp i eit dilemma.
Ikkje at det er så stort samanlikna med verds-situasjonen elles.
Men for meg er det no stort nok.

Eg har blitt eigar av to bilar.
Den eine, Berlingo’en, arva eg etter mi kjære mor i 2010.
Den andre, Corolla’en, arva eg etter kjærasten min no nettopp.
Det seier seg sjølv at eg ikkje kan verta sitjande med to bilar, så eg må ta eit val.
Og det valet syner seg å vera både kjensleladd og av ein viss situasjonsrapport-messig art.

Nokon opererer med personlege trenarar.
Eg opererer med personlege bilreparatørar.
Dei har råda meg til å behalda Berlingo’en, men skal no gå gjennom Corolla’en nett for å sjekka.
Så får me ta det derifrå.

Den fyrstnemnde, Berlingo’en, kjenner me ut og inn.
Der veit me kva som har vore gjort til ei kvar tid.
Den er snart reparert for det doble av det den kosta – og som nemnt i eit tidlegare innlegg, alltid god som ny.
Eg bortimot «elskar» den bilen.

Corolla’en derimot er ny for meg – reint teknisk.
Thomas var nemlig ein mann for sin hatt – dog utan hatt. Han gjekk ikkje eingong med lue.
Men han var i overkant handy og fiksa det meste sjølv. I tillegg hadde han store planar om å fiksa resten når han fekk tid.
Så alt som er gjort med den bilen etter at han kjøpte den, var inni hans hovude og dermed ikkje så enkelt å få greie på no. Så slike viktige deler som t.d. registerreima, veit me ingen ting om.
Eg bortimot elska den tidlegare eigaren av den bilen.
Så no er eg spent på utfallet av den sjekken. Og i tillegg mitt eige val.
Vil bilen vera grå eller blå og vil eg heretter ha plass til ein eller fleire passasjerar i bilen?

Hjelp!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar