Som tilsett i
hotellbransjen, deler eg sjølvsagt uroa kring fenomenet Airbnb og om
det verkeleg er eit trugsmål for oss slik det stadig vert hevda i
media.
Tankane går
attende til mi eiga karriere som sokalla traveller – reisande med
ryggsekk – på 1980-talet. Det var tider det! Ein jobba iherdig,
budde billeg, spara pengar og så bar det ut i verda med alt ein
eigde i ein ryggsekk. No skal det vera sagt at min sekk alltid vog
mykje meir enn dei andre sine, men det er ei anna soge og det var
likevel eit sutalaust tilvære.
Det starta i
USA/Canada for ganske nøyaktig 35 år sidan. Den 22. oktober flaug
me over Atlanteren med ein stor porsjon sommarfuglar i magen.
Etterkvart som tida gjekk og me vart varme i trøya, vart ogso motet
større. Og snart lærde me trikset om å få seg gratis overnatting.
Dersom me berre var tålmodeige nok til å sitja med ryggsekkene våre
ein sentral stad, kom det som oftast nokon bort og spurde oss om me
trong plass å bu. Slik fekk me oss ei madrass på eit golv over
kortare eller lengre tid. Det var aldri snakk om å betala for seg,
men me gjorde så godt me kunne med å bidra med mat og/eller drikka
innimellom.
Ei anna samanlikning
er eit velkjent skilt som har vore å finna over heile verda; room
for rent.
Dette er heller ikkje eit nytt fenomen.
Dette er heller ikkje eit nytt fenomen.
Det som er det nye,
er måten me kommuniserer på. Og der var det ein eller annan luring
som såg den potensielle butikken i dette og starta opp slikt som
coach-surfing og Airbnb.
Kjempelurt for mange og kanskje eit reelt trugsmål for hotellbransjen?
Eg for min del har gjort min del av dette og tykkjer no det er absolutt mest behageleg å sleppa å vera på besøk heime hjå nokon når eg er på ferie. Eg tykkjer det er fantastisk med ferdig frukost, oppreidd seng og reint rom når prisen i realiteten ikkje er mykje høgare og heller ikkje betyr så mykje som den gjorde på 80-talet.
Og eg vonar verkeleg at det er rom for oss begge i framtida.

Kjære Inger! Hva man foretrekker, har så absolutt med alder å gjøre. Gi meg den 18-20-åringen som: "tykkjer det er fantastisk med ferdig frukost, oppreidd seng og reint rom når prisen i realiteten ikkje er mykje høgare og heller ikkje betyr så mykje som den gjorde på 80-talet" Pris er alt, komfortbehovet kommer senere! ;-)
SvarSlett