mandag 5. oktober 2015

Oppsummering



Vel heime i stovo på Norheim.

Vestlandsveret ynskte velkomen heim slik det ofte plar gjera på denne tida av året.
Men i dag (måndag) skein det opp!







Eg såg ein gong ein film som heiter «Once upon a time in Phuket».
Ein film eg hadde stor moro av og som m.a. handla om «å finna seg sjølv».
Jenny Skavlan hadde ein sentral rolle i denne filmen. Ho var ei mildt sagt søkjande ung dame som haldt på med meir og mindre «esoteriske» øvingar og ritual. Eit slikt ritual var til dømes å ikkje snakka over ein periode tid.


Hadde ei vag kjensle av å delta litt der i løpet av veka – og det var interessant.
Mi «øving» vart avslutta med ein ivrig samtale med meg sjølv på tur i olivenlunden.
Som sagt – interessant.

Det er mange tankar som har vandra gjennom hovudet disse dagane.
Og konklusjonen etter denne veka er; det er ok å reisa utan fylgje.
Det er kanskje ikkje fullt så kjekkt å gjera det når det å vera aleina ikkje er fyrstevalet.
Men all den tid det no vart slik, er filosofien å gjera det beste ut av det.
Det har eg greidd.
Og eg kan gjera det igjen.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar