Det er tidleg morgon.
Eg har min 6. frukost på taket av hotellet eg bur på og oppdagar at eg har ete bortimot det same kvar dag. Har variert mellom kokt egg og speilegg. Elles har det vore det same.
Men det er no ein gong det eg likar, så kvifor ikkje.

I går kveld tok eg turen over vegen for å eta middag.
For å vera dønn ærleg, er det ikkje det kjekkaste eg gjer utan fylgje.
På dagtid er det ikkje så gale – men på kveldstid set det langt inne.
Lukta av middag som kom strøymande inn den opne altandøra mi, pirra derimot magen nok til at eg følte meg skikkeleg svolten for fyrste gong på lang tid. Difor forsvant eg ut døra så fort at eg gløymde att min gode ven boka!. Den er god å ha i ein sådan stund.
Så i staden for å lesa, vart eg sitjande å observera medan eg venta på maten.

Og vart sjølvsagt også observert tilbake.
Det er alltid interessant å spinna historiar rundt det ein ser.
Bestemor og bestefar ilag med tenårings-barnebarnet. Den store, høgrøysta franske familien. Tre generasjonar av bergensarar. OG fem damer i sin beste alder – på tur – også norske.
Kva har tatt dei hit tru? Til verdens minste plass? Like tilfeldig som at eg er her?
Bølgene buldra og fantasien likeeins.

Frukost.
Eit bord heilt utpå kanten med utsikt ut over det brusande havet og over hovudgata som sakte men sikkert vakna til liv.
I dag hadde eg med bok, men vart i staden for å lesa, sitjande å studera noko eg fann ut måtte vera geiter. Geiter som hadde forvilla seg ut på eit platå i vest-enden av byen. Dei oppførte seg svært merkeleg og eg var heilt fasinert. Brått oppdaga eg at dei hadde ulike fargar – knall grøn, rosa, gul…..
Og geitene vart gradvis omforma til 5 personar. 5 personar som hadde morgon-yogaen sin der oppe på platået. Akkopangnert av lyden frå bølgene.
Tankane gleid attende til dei 5 damene på tavernaen i går og personane fekk både ansikt og fasong sjølv om det var umogeleg på denne avstanden.
Eg forflytta blikket ned i gata og oppdaga eg at det var fleire som hadde iført seg klede i knall fargar i dag.
I flokk og fylgje – opp til 10-12 i talet – hadde dei morgon-turen sin. I fela fart! Fyrst eine vegen – så den andre.
Imens drakk eg min andre kopp med kaffi og inntok min daglege dose av nydeleg heimelaga yoghurt.
Forrige dagen oppdaga eg at eg mot betre vetande, hadde sendt avgårde eit kort med motiv frå
nabobyen Kalyves, Difor fann eg det idag passande å ta turen dit for å ha alt mitt på det
tørre. Ein gåtur på ca 25 minuttar.
Der vart eg så overvelda av trafikk og folk, at det vart med ein kaffi før eg tok beina
fatt heimover att.
På vegen attende traff eg den andre dama som er her aleine.
Ja, eg har observert henne.
Og eg sa hei!
Og eg sa hei!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar