torsdag 1. oktober 2015

Bakom skyene er himmelen alltid blå

Vakna til ein mørk grå himmel.
Regnet ausa ned – men innan eg var komen på taket til frukost, var det over.

Bølgene var kjempesvære og flagget på piren knallande raudt.
Alternative aktivitetar til bading byrja å ta form og eg plukka med meg ein brosjyre om vandre-ruter i området. 
Sidan eg har ein tendens til å gå feil veg, var eg i utgangspunktet skeptisk.
Men her er eg – tilbake til utgangspunktet, utan så mykje som å ha tulla meg vekk ein einaste gong!

Turen gjekk via nabobyen Plaka, ned til nokre klipper, kor det vart utvunne salt frå havet.
 Bølgene gjorde eit mektig inntrykk også der!

Tenkte fyrst å ta same vegen attende dit eg kom frå – men fekk lyst å finna ein ny veg.



Og vegen vidare førde inn i ein olivenlund kor det verken var folk eller hus. Berre ein hest.
Men kraftliner var det – og kraftliner fører til folk, tenkte eg.
Riktig nok – eg kom attende til Plaka og vidare ned att til Almyrida.



Eg har elles funne ut at her i området bur det mange frittgåande høner og geitene beitar i hagen.
Det freista til å eta både egg, kylling, geitost og geitekjøt.

Det vart kylling-souvlaki.
Himmelen er framleis tung og bølgene er store!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar