tirsdag 29. september 2015

Sydentur

I dag har eg vore på syden-tur.
Eg er ikkje sikker på om eg skal dit i morgon

For fyrste gong i mitt 55 årige liv, har eg kjent på fenomenet sydentur!
Eg bytte strand! Det snakka svensk, dansk og norsk rundt meg på alle kantar.
Me låg som sild i tønne på kvar vår solseng, det var servering frå næraste bar, alle var VELDIG brune, og alle kjende kvarandre, liksom.
Dette var nytt for meg.
Og det var interessant.
Her blir eg ikkje lenge, tenkte eg.

Og hadde ikkje før tenkt det, før det kom ein kjekke kar for å levera ut vatn i flasker som til forveksling liknar VOSS vatn, og for ta inn pengar (leige for solsenga)
Jaja – då får eg no bli her ei stund tll då, tenkte eg vidare

Eg prøvde så godt eg kunne å ikkje lata meg riva med av alt pratet rundt meg og las for harde livet.
Det var ikkje lett, sidan eg forstod alt som vart sagt! Øyrene simpelthen flagra. Det var veldig mykje kommentarar på korleis det var å vera i syden, det gjekk i. Og det var litt annleis enn slik eg opplever det.
Nokon tok seg ein liten tur bortetter stranda – og tilbake.
Denne stranda er ikkje lang, så det gjekk fort.
Nokon låg i sirklar uti sjøen og prata og andre haldt på med noko sjø-tennis (?)


Ei mega-pøysa!
Heldigvis skya det til og eg såg det som ei årsak til å pakka meg saman og tutla meg heimover.

Vel heime (les; på hotellrommet) buldra det laust med torden og pøsande regn. Og vips var hovudgata forvandla til ein liten innsjø.



Medan det ausa ned som verst, kosa eg meg med boka mi, som eg såleis då vart ferdig med.

Her i syden sluttar det faktisk å regna, så det skein opp att etter ei lita stund.
Då passa det godt med ein liten rusletur rundt i bygda.
Veldig fin tur!

I kveld har eg våga meg over på ein taverna kor eg åt moussaka.
Smaka godt!
Og medan eg sat der kom fullmånen opp!

No ausar regnet ned igjen.
Det vert interessant å sjå kor stor pøysa er i morgon.




1 kommentar:

  1. Det er løye med Syden du! Dit du er skal eg på laurdag. Då ligg kanskje nokre av dei same folka på solsengene sine og på andre har det kome nye folk, som pratar om det same: Korleis det er å vera i Syden! Tordenbygene kjem kanskje på vijing att også. Då kan eg helsa frå deg og seia takk for sist! Eg og har tenkt å eta Moussaka, men då til lunsj og med Retsina-vin attåt. Retsina smakar best i Syden. Om kvelden vil eg eta Stifado. Det skal helst lagast av kaninkjøt, men eg er ikkje så glad i den slags kjøt og heldigvis lagar dei det av oksekjøt. Prøv det i kveld Inger. Det minner om sosakjøt, men smakar mykje betre, i alle fall i Syden. God tur heim til Norden!

    SvarSlett