I natt hadde det regna.
Stolane var våte på taket.
Men effektive hender turka opp og alle fekk plass til frukost.
Idag har eg sett fisk.Mykje fisk.
Ikkje så store, men det var no fisk.Stolane var våte på taket.
Men effektive hender turka opp og alle fekk plass til frukost.
Idag har eg sett fisk.Mykje fisk.
Har bada endå meir enn i går og gav opp å byta strand. Den rett nedanfor her er meir enn god nok, takka vera dei før omtala badeskoa frå Europris.
Rosafargen på magen er i ferd med å endra seg til lysebrun og eg har ete min obligatoriske calamares. Fann ein ny liten restaurant eg følte for å støtta opp om og der hadde dei grilla calamres.
I tillegg til meg og dei to lokale gjestene, dukka det opp eit par til. Så sesongen er ikkje heilt over.
Mørkret sig på.
Hundane gøyr.
Det er live-musikk på taket........
Skyene lagar eit vakkert bilete på himmelen og eg nyt å sitja på altanen med bok og raudvin.
| Bok nr 1 så godt som utlesen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar