søndag 27. september 2015

Lettare rosa med salt i håret


Utsikt den eine vegen.......



Då har eg gjennomført dag 1 på eiga hand.
Det gjekk jo bra.
og den andre....
Starta med strålande sol og frukost på taket.
Følte eit enormt sterkt behov for å koma meg i sjøen, så eg tok straka vegen over vegen, til stranda.
Der var det ikkje folk og det skjøna eg grunnen til då eg skulle uti.
Eg var lukkeleg over at eg av alle ting eg faktisk har hugsa på, er dei eksklusive badeskoa som Magni og eg kjøpte på Europris i Odda på veg til Kragerø!
Det er forresten mykje anna eg ikkje har hugsa på, men det får så vera. Kofferten var no full, så noko må det no vera som er med. T.d regn-cape.


Etter å ha lese 1/3 bok og bada enormt mange gonger, fann eg ut at det var tid å ta lunsj.
Saumfor byen (på storleik med Steinsdalen) og fann ut at eg ville sjekka ut den restauranten der det ikkje var gjester. Må støtta opp litt. Det viste seg å vera heilt perfekt! Og etterkvart dukka det opp fleire gjester; tre grekarar og to nordmenn. 


No i kveld våga eg meg opp på taket for å ta meg ein kaffi, men det var mega nedtur!
Happy-hour med tilpassa musikk. Herlegheit!
Turen ned att gjekk fortare enn turen opp, for å seia det slik.

Så her set eg då – lettare rosa og godt innsmurd med aloe-vera-olivenolje-body-lotion kjøpt borti gata.
Veret frametter er litt så som så, men eg har fleire bøker, strikketøy og filmar.
Trur ikkje dette vert så gale, eg!



1 kommentar: