Fyrste snorkletur med ny makker: Gaute
Foto; Mini Nagendran
Foto; Mini Nagendran
Idag vil eg skriva
litt om symjebasseng. Eg er svært glad i symjebasseng. Eg er
generelt svært glad i å bada. Eg er også svært glad i å symja og
gjer det så mykje eg kan året rundt.
Dei siste åra har eg vore heldig og hatt tilgang til ikkje mindre enn to ulike symjebasseng, eitt på Os og eitt i Vikøy. Slikt vert det mange tilbakelagde meter av.
Dei siste åra har eg vore heldig og hatt tilgang til ikkje mindre enn to ulike symjebasseng, eitt på Os og eitt i Vikøy. Slikt vert det mange tilbakelagde meter av.
Eg vil i same
andedrag som disse orda vert skrivne, nemna at eg av natur er eit
rimeleg konfliktsky vesen. Difor er denne refleksen nettopp det den
er – ein refleks. Ei mimring om mitt liv med symjebasseng.
Eg starta i NIL-symjegruppa då eg var 7 år. Saman med ei heil røys andre hadde eg symjetrening fleire kveldar i veka. Dei ivrigaste hadde til og med morgontreningar. Dette foregjekk i det 12,5 meter lange bassenget på ungdomsskulen. Me var ivrige og sume tider måtte me symja etter kvarandre i ring for å få plass. Då me hadde vorte skikkeleg rutinerte drog me til Odda, Voss, Bergen, Husnes og like til Stavanger på symjestemne. Nokon av oss kom heim att med premiar og medaljar.

Då eg vart eldre
hadde eg gleda av å vera den som lærde symjekunsten vidare til den
oppveksande generasjon. Over eitt par titals år er ikkje dette rett
få, og dei fleste lærde både å flyta, symja og stupa.
Eg har alltid ynskt
meg eit litt større basseng, eit symjebasseng. Eit det er råd å
symja sine tusen meter i utan å krasja med naboen. Eit eg har råd
til å symja mine tusen meter i utan å krasja bank-kontoen. Eg hadde
ein gong ein idé om at me burde byggja eit slikt oppi Tolomarka. Den
gongen oppvarma med spillvarme frå bostippen. Men det var den
gongen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar