torsdag 27. august 2015

Ferie


Eg har kjøpt meg ei veke ferie.
Eg har kjøpt meg ei veke der eg i utgangspunktet er heilt aleina.
Det er fyrste gongen sidan sommaren 1985 at eg skal langt avstad utan verken reisefylgje eller eit reisemål kor eg skal besøkja nokon.
Sommaren 1985 vasa eg rundt i Danmark på eiga hand – bokstaveleg tala, sidan eg for det meste haika meg fram. Men enda til slutt opp i Risør kor eg ikkje var aleina lenger.
Der var eg med å setja saman ein færing, som framleis lever i beste velgåande.

Men attende til fenomenet å reisa aleina.
Det er så pass seriøst at eg faktisk kjenner det i magen.
Eg som har reise-angst berre eg skal ta bussen til Øystese.
No skal eg noko lenger. Men eg vil gjera det. Og eg må gjera det.
Eg tenkjer at dette er no berre ei veke.
Det skal eg klara. Og det kan til og med verta ei heilt fantastisk veke!
Det kan visa seg å vera akkurat det eg treng og akkurat slik eg har drøymt om. Akkurat slik eg har sett det på film.

Ei av utfordringane er også det å koma seg fram til avreisepunktet til rett tid.
Mor mi sa alltid at det var betre å vera ti minuttar for tidleg enn ein minutt for sein.
Så eg tenkjer eg er der nokre gode timar i førevegen, eg. Så eg eg sikker.
Då Thomas og eg skulle til Island, greidde me begge det kunststykke å koma ein heil dag for seint til Flesland. Det som skulle vera ei gebursdagsgåve frå meg, enda opp med at han måtte sponsa den sjølv. Og det noko kraftig. Me greidde å le av det då det fyrste sjokket var over, men noko liknande skal aldri gjenta seg!!

Det er enno nokre veker att til avreise, men pakkinga, er eg i full gang med.
I alle fall oppi hovudet. Eg er ingen lett-reisar. Eg må ha med det meste – i tilfelle!
Då eg hadde mine månads- og årslange utflukter i ungdomen, vog alltid sekken min eitt par-tre kilo meir enn dei andre sine. Det hadde minst to årsaker; Det eine var alle posane eg hadde sydd til å sortera dei forskjellige saker og ting i. Det andre var alle steinane eg plukka med meg på vegen. Det siste har eg stor glede av den dag idag. Steinane er samla i norgesglas og andre glas, og fungerer fint som bokstøtter.
Men ei årsak i tillegg til dei to,  er det eg alt har nemnt – eg hadde med meg altfor mykje greier - i tilfelle.

Så no får me sjå då – korleis dette går. Når eg flyet, kor mange kilo veg kofferten, korleis vert veret, når eg flyet heim att, får eg lese alle dei bøkene eg har tinga meg på biblioteket osb. osb.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar