lørdag 15. august 2015

Livet – part 4 eller var det 5?















The Second Best Excotic Marigold Hotel.
Vakre Jaipur.
Strandpromenaden I Mumbai.
Bollywood-dancing.
«There is no such thing as an ending. Just a place where you leave the story….
There’s no present like the time»

Gulrot og mørk sjokolade.
Te og cheese doodles.
Norvegia, kaviar og kvitost.

Dette er eit merkeleg liv – heilt likt som før, berre med eit digert hol i magen.
Eg saknar den førre delen av livet mitt noko aldeles skrekkeleg.
Den førre delen av livet mitt innehaldt Thomas.
Ikkje at det ikkje gjer det no, men det fakta at han ikkje lenger er i vår verden,  lagar eit hol inni meg.

Det er så stille.
Det er så merkverdig stille.
Eg tek meg i å sjekka for meldingar både morgon og kveld.
Og gjerne midt på dagen.


Me snakka ikkje så mykje på telefonen – snakka gjorde me i det reelle livet.
Det meste av kommunikasjonen utanom, føregjekk via det skrivne media.
Det gledde meg – og var velsigna uforpliktande.
Men likevel trygt og godt.
Det var nokon der til ei kvar tid.
Ikkje nødvendigvis fysisk i nærleiken, men likevel.

Eg nyttar tida til både nyttige og høgst unyttige gjeremål.
Eg les bøker, høyrer musikk, dansar, syklar og ser på tv.
Eg har stor glede av det som vert kalla slow-tv.
Særleg når det inneber bølgeskvulp.

Eg trivest nokså godt i mitt eige selskap.
Eg drøymer.
Det er vel det eg gjer mest.

Eg tenkjer.
Eg tenkjer svært mykje på Thomas sine siste dagar i denne verda.
Det var som om han visste kva som skulle henda.
Men han planla livet.
Sitt liv og vårt liv.
Det var på ein måte to sider av same sak.

Det er ikkje mogeleg å gå vidare som om ingen ting har endra seg.
Eg prøver verken å lata som eller å spela tøff.
Så no er det livet del 4 – eller var det 5?





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar