Då
eg kom heim frå ein god arbeidsdag på Thon Hotel Sandven for nokre dagar sidan, såg eg at «plenen» var forvandla til eit einaste
stort blomebed. Full av vakker lilla engkarse og ein og annan gul
løvetann.
Men tanken om at dette var eit vakkert syn, vart ganske snart brutalt overmanna av ein annan påtrengjande tanke; plenklypparen må fram! Og det FØR 17. mai.
Men sidan klokka alt var viste langt på dag, utsette eg dette med plenklypparen til dagen etter.
Og då dagen etter rann, gjekk det opp for meg at eg var fullt oppteken heile den dagen og dagen etter med. Men på onsdag – då skulle eg finna tid til å slå.
Kvifor i all verda har eg så vanskeleg å motivera meg for å slå plenen? Det som eigentleg er både triveleg, trening og meditasjon i ein operasjon. Det som er eit stykkje arbeid som viser umiddelbart att! Det som alltid gjer meg i godt humør – spesielt etterpå. Dette er eit stadig tilbakevendande spørsmål – og eit like ubesvart eitt.
Eg er faktisk av dei som ikkje er så glad i hage arbeid. Blomebed og kjøkenhage er ikkje for meg. Men når det kjem til plenklypping, saging og litt slikt grovare arbeid, då er eg med. Difor undrar det meg når motivasjonen for å slå plenen glimrar med sitt fråvære kvar einaste vår. Kva skal til for at eg plystrande skal ikle meg overall og dra i startsnora på planklypparen?
Idag er det torsdag – det regnar, skodda ligg tungt over bygda og plenen står framleis i full blomst!
Det er altfor tungt å slå ein så lang og i tillegg godt fuktig plen i oppoverbakke.
Difor skriv eg dette innlegget i staden – og ventar på tørrare dagar. Helst før 17. mai.

Kanskje likar du ikkje tanken på å halshogge små, vakre blomar i sin beste alder? Kanskje har dei også sjel? Eller kanskje ikkje.
SvarSlett