Det er den 26. September.
Thomas er no i sitt rette element – oska er spreidd i fjorden.
Den siste tida har vore særs merkverdig.
Eg har vore ganske forkava og har i eit anfall av overmot kjøpt meg ein ferie til Kreta.
Eg er skrekkslagen her eg set på Flesland!
Thomas har alltid ønska å verta spreidd på havet, den dagen han ikkje var meir.
No er han i havet.
Det skjedde i dag kl 12.00.
På vegen frå Norheimsund til Os opplevde eg noko merkverdig. Eg høyrde på ni-timen på radioen. Sidan eg var nokså i ørska i dag, var det ikkje alt eg fekk med meg - men eg fekk med meg dei to siste låtane. Den fyrste av dei var "Har en drøm" av Trygve Hoff – sunge av Jørn Hoel frå filmen Drømmeslottet! Denne og «Engler i sneen» var låtar Thomas snakka om tidt og ofte og han hadde eit spesielt forhold til teksten i dei.
Dette vart særs sterkt i ei sådan stund. Og eg måtte pusta både inn og ut nokre gonger der.
Men sanneleg kom ikkje godeste Bob Marley i neste låt og sang "Don't worry, everything's gonna be alright". Og så braut sola gjennom!!!
Eg er på Flesland.
Eg er på veg til Kreta på ferie.
Eg er skrekkslagen i tanken på at eg no er fullstendig på eiga hand. Det er så lenge sidan eg har vore det.
Håpar eg ikkje går feil veg og at eg kjem vel fram.
Eg har lena meg til Thomas når det gjeld å vera på feriar som dette.No må eg berre lita på at han er der ein stad og at alt vil gå bra.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar