torsdag 30. april 2015

Så vart det ny pc - igjen



















Eg vakna or svevnen – og oppdaga at pc'en var svart.
Død. Ikkje teikn til liv!
For andre gong. Eg kjende ein klomp i magen.

Pc'en var kjøpt på nett, noko som gjer at den må sendast med posten eller noko, om noko er gale.
Sist gong via Tollpost, med oppmøte for levering og henting på Esso'en.
Noko som igjen gjorde at eg kjende meg litt «kriminell», og behovet for gjentaking no var minimal!
Det skal vera sagt at dette har sidan endra seg og foregår no på Prix'en. Men det freista likevel ikkje, så eg bestemde meg for ein flettande ny. Bestilt, ferdig oppsett og alt i orden på Lefdal på Lagunen.
Den er raud og fin og lien og lett og alt det eg set pris på.

Lettare oppjaga vart eg likevel, då alt ikkje var som på den forrige. Dette skulle eg sjølvsagt ha funne ut då eg opna den ved henting, men det gjorde eg då ikkje. Den nye vakre kom i hus igår og eg hadde morgonen idag på meg til å gjera meg kjend med den.
Heldig for meg at eg vart overtydd om at ved å betala litt ekstra, har eg såkalla fri support i eitt år.
Difor ringde eg Lefdal Pc-support då e-post-lesaren bokstaveleg tala var heilt på jorde.
Altså, fråverande......

Supportkaren som var svensk, (og under 20 år kom det fram under samtalen), svara svært profesjonelt og høfleg.
Tillitvekkjande i avsparket – og like tillitvekkjande då eg la på ein god halvtime seinare.
Friskt mot!
Alle e-postar var i innboksen og alt såg tilsynelatande normalt ut.
Det var berre det at det ikkje gjekk an verken å senda og motta ny e-post.
Litt viktig, så eg tok sats og ringde nok ein gong. Litt tett i hove, sat eg tålmodig og høyrde på enerverande musikk til nok ein ung svenske svara i hin enden! Litt eldre denne gongen – og no er det fiksa. Eg kan senda, motta OG sletta!
Trur eg.



.

2 kommentarer:

  1. Kan fortsatt ikke sende på outlook fra svarte Afrika:-( ......og telenor greier ikke hjelpe meg...(Norske :-)).....webmailen er også halvveis...får sendt, men ingen vedlegg.....så det blir gmail.......

    SvarSlett
  2. Kan fortsatt ikke sende på outlook fra svarte Afrika:-( ......og telenor greier ikke hjelpe meg...(Norske :-)).....webmailen er også halvveis...får sendt, men ingen vedlegg.....så det blir gmail.......

    SvarSlett