Tidsbegrepet er så ulikt. Sume tider kan ein ikkje få nok av tid og i neste augneblink har ein for lite.
Eg har ei røys med nevøar og nieser og for så vidt born, som no er i re-produktiv alder. Og her om dagen fekk eg nett veta at mitt grandtantebarn, dvs foreldra mine sitt oldebarn nr. 18 er på veg - ankomst august.
Det er alltid like kjekkt å få eit slikt nyhende og for oss like unikt kvar gong.
Sjølv om det antakeleg er eitt av tusenvis born som vert fødde samstundes.
Tida fram til fødselen virkar så uendeleg lang – og det kjennest mange gonger som historia om Godot; han/ho kjem berre aldri. Dei stakkars korte 9 månadane før det heile verkeleg startar. Dei 9 månadene er ei tid som aldri kjem att. Ein del av livet ein aldri gløymer. Kvar og ein på sin unike måte. Kvalme, trøttleik, merkverdige behov, endringar i sinn og skinn og endeleg til slutt etter meir eller mindre anstrengjande innsats, der er eit nytt lite menneske mellom oss. Og ja, dei fleste av oss hugsar denne augneblinken då dette nye livet kom inn i liva våre, anten det no var gjennom fødsel eller adopsjon, som om det var i går. Og nokon av oss greier også skildra det som om det var i går, til meir eller mindre interesserte tilhøyrarar.
Når dette barnet fyrst har funne vegen inn i livet, startar tida å gå uendeleg fort. Og før me får sukk for oss, spring det rundt med tannkost i handa. Og like etter byrjar det på skulen, for ikkje å snakka om tek sertifikat. Og etter ei tid er det gjerne eit nytt barn på veg.
Så ta vare på tida. Og helst freista å gjera det beste ut av den.
(Bildet er brukt med løyve frå Heidi Marie Vestrheim)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar