onsdag 11. mars 2015

No er det berre å smila


I dag har eg fått over  halve bilen min inn i munnen.
Ikkje bokstaveleg tala – men i kroner og øre.
Då eg kjøpte bilen min i 2008, kosta den om lag det doble av det eg no har investert i vedlikehald av ei tann!

Eg vaks opp med skuletannlege på -60 og -70-talet. Dersom ein var uheldig og hadde hol, var tradisjonen å bora vekk mest mogeleg av tanna før ein fylde opp med amalgam. Eit solid stykke arbeid som har helde i nærare 50 år.
Det er vel og bra.
No skal det seiast at av 5 syskjen, var det eg den som trekte det kortaste strået i tann-tevlinga, noko som gjorde tannlege-besøkja kvar 6 månad, til alt anna enn gode. Eg missta sømnen den dagen eg fekk lappen med time-tida på skulen og fekk den att den dagen eg var ferdig. Og mor mi måtte fylgja meg til eg var 10 år. Det vart gjerne både to og tre besøk før eg var ferdig. Og godt var det då at det var heile 6 månader til neste gong.

Etter at mest alle tennene var godt fylde opp av nemnde fyllstoff, har ikkje problema vore noko større og eg har nærast sove i stolen under tannlegebesøka.
Men så byrja oppryddingsarbeidet. Og eg som ikkje ein gong likar å byta ut noko som helst.
Ikkje byter eg bank, ikkje telefon, ikkje telefoni-levrandør, ikkje kraft-levrandør, ikkje hus og ikkje ein gong bil. Sistnemnde er fiksa på både tidt og ofte, men den rullar og går og er heile tida god som ny!
Forsikring har eg bytt, men det var fordi dei la ned den lokale avdelinga.
OG tannlege – då den gamle gjekk av med pensjon.

Eg likar det som er kjent og kjært, trygt og godt.
Og det meste vert jo det etter kvart. Det meste vert trygt og godt, kjent og kjært berre ein gjer det litt tid og vert vane med det. Ikkje det at eg no kjem til å byta alt mogeleg av den grunn, eg berre prøver å tenkja konstruktivt i samband med det som er nytt, uvant og skummelt.
Til dømes tannlegen – han var ny for ikkje lenge sidan. No er det trygt og godt og sjå det same fjeset som ein gong var nytt, sjølv om han skal byta ut det som har vore inni munnen i årevis.

Håpar han blir her lenge..........................

1 kommentar:

  1. Ja det er ikkje rart det blir kalla "kronealderen" i dobbelt forstand

    SvarSlett