onsdag 18. mars 2015

Lyden av te







På te-sjappa til Kamal.
Te-glasa manglar, men backgammon-brettet var eit anna fast inventar på våre mange timar her.


For 33 år sidan, var eg så heldig at eg saman med to veninner reiste på ein tur ut i verda. Ein tur som skulle vara i 1 år. Me starta hausten 1982 med slaraffenliv og øy-hopping i Hellas, før reisa gjekk vidare til litt meir krevjande reisemål. Me hadde i førekant av turen lagt opp reisa i form av ein einvegsbillett til Athen. Derifrå reiste me til Bangkok med stopp-over i Kairo. Vidare reise skulle fastsetjast frå Bangkok. Ikkje heilt i det blå, men litt.

Fyrste stopp etter Hellas var altså Egypt. Ei totalt framand verd med ein totalt framand kultur.

Vegen vidare derifrå, hadde me planlagd skulle foregå etter 6 dagar. Me skulle i løpet av denne korte tida på skikkeleg turistvis, sjå Kairo,  pyramidane i Giza og Luxor, før me sette nasa mot ei lang reise rundt i Asia og aller mest India for mitt vedkomande. Litt forskrekka vart me då det synte seg at alle flya ut av Egypt var fulle i seks veker framover. Det var berre å roa seg ned. Seks  dagar måtte verta seks veker. Dette førde igjen til at me måtte få oss nytt visum. Det var heller ikkje gjort i ei handvending  og eg kjenner framleis spenninga i magen då me forlet visumkontoret etter å ha levert frå oss passa våre i framande hender. Pass-lause i Kairo i ei veke.

Men det gjekk bra og me kunne lena oss tilbake, eller rettare sagt krumma ryggen, og stupa inn i det egyptiske eventyret. Eit eventyr det kan skrivast bok om.

På ferjeleiet i Luxor i 1982
Noko det også er gjort. Mellom andre av forfattar Gunn Marit Nisja som til no har kome med to bøker frå Egypt. Bøker som mellom anna skildrar turismen sin inngripen i landet på godt og vondt. Ei skildring også sett frå ein egyptisk ståstad, så levande og realistisk nokon berre kan formidla ved fyrste hands kunnskap tileigna over lengre tid. Historiar forma rundt både hennar eigne og andre sine erfaringar. Historiar eg lett kan setja meg inn i, men som me heldigvis ikkje havna opp i. Med eit naudskrik.


Det er skjeldan nokon får meg til å sitja inne i strålande sol berre fordi eg skal verta ferdig med ei bok. Det har Gunn Marit Nisja greidd. Og no set eg att med lyden av te.
Egypt, kor me dagleg inntok fleire glas med kjempesøt te, servert i glas med ei teskei oppi til å røra ut sukkeret med. Eg har eg i alle disse åra freista å gjenskapa denne smaken og ikkje minst lyden. Det har ikkje lukkast. Etter mange ulike glas og mange te-skjeier må eg berre innrømma det; dette kan kun kjennast, smakast, høyrast og luktast der det skjer.
Eg har ikkje besøkt Egypt fleire gonger enn disse seks vekene i 1982.
Eg er ganske sikker på at  lukten, smaken og ikkje minst lyden er annleis i dag – 33 år seinare.
Men mykje er ved det same – 33 år seinare.
Det er mogeleg eg likevel berre skal halda på den lyden eg har.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar