tirsdag 17. februar 2015

Kor tek sokkane vegen??


Eg har 24 sokkar, ikkje to tå dei e' par. Eg har leita tusen gonga, men dei andre e 'kje dar.

Det kjende sitatet frå ein songen til Vinskvetten, er eit stadig tilbakevendande problem, ikkje berre for dei, men for m.a. Øystein Sunde også:
For hvor tar sokka mine veien når jeg vasker dem? Det ser ut som det er like greit å kaste dem. Jeg kan putte fire sokker i min AEG, men når vaska er ferdig, så har jeg bare tre.

Eg er ein klebrettar. Det vil seia at eg brettar kleda mine fint saman etter vask og legg dei inn i kleskåpet. Dette gjeld også for sokkane mine.Og for å halda styr på dei og mellom anna unngå ovannemnde problemstilling, har eg innført noko ei veninne ein gong tipsa meg om; eg kjøper alle i same fargen. Kvar gong det trengst å kjøpst inn nye sokkar, vert det kjøpt inn svarte.
Men dette hjelper ikkje. Eg sorterer og brettar. Eg måler opp bråtet, samanliknar, finn den andre med same lengde og brettar dei saman. Likevel er dei ulike når dei kjem på. Då er anten den eine litt vidare, eller den andre litt kortare eller så er brota litt ulike likevel.

Store problem i den store verda. Men det er no litt merkeleg - er det ikkje??
Eg får faktisk lyst til å kasta heile bunten og kjøpa nye, men er sjølvsagt altfor nøysom til det. Nei då irriterer eg meg heller over ulikskapen dei dagane dei er på, kastar dei på vask og innbiller meg at dei er like når dei igjen skal brettast. Nokon er faktisk det - merkelegnok -  men det rare er då gjerne at "Øystein Sunde syndromet" inntruffe; dei er ikkje par lengre. Dei åtte sokkane som vart lagt i vaskemaskina, har blitt til sju!

Forstå det og forklar meg det den som kan!
Og kvifor dukkar dette fenomenet kun opp i samband med sokkar?

Dette lurer eg på idag. Mellom anna.
Og mange med meg. Heilt sikkert!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar