Tankar etter ei gravferd.
Ein gjer seg så mange tankar når ein er i gravferd.
Spesielt når det er unge menneske som har forlete oss.
Ein tenkjer på dei som har gått bort og ein tenkjer på dei som set att.

Ein tenkjer på korleis dei har levd livet sitt – og kan gjerne gleda seg over
at nett dette menneske levde livet godt den stunda det fekk vera saman med oss
her på jorda.
Korleis ein lever livet sitt, har ein stort sett ansvar for sjølv.
Eg skriv stort sett – for det er slett ikkje alt ein har kontroll på alltid.
Men stort sett.
I alle fall har ein sjølv ansvar for korleis ein taklar det ein ikkje har kontroll på.
Stort sett.

Eg tenkjer i slike høve, etter ei gravferd, ofte på om det er noko eg angrar på.
Om det er noko av det eg har gjort, og hatt kontroll på, som er verdt å angra på.
Om er det vits å bruka energi på å angra på noko?
Det som er gjort er gjort. Det kan somme tider gjerast om, eller rettast på.
Men i dei fleste tilfelle, er det berre å gløyma.
Og i dei fleste tilfelle er det alt gløymt av dei eventuelt involverte.

Nei det eg faktisk landar ned på, er at eg angra (litt) på
det eg IKKJE sa og IKKJE gjorde den gongen.
Og noko av det er det faktisk ikkje for seint å gjera noko med!
Henne eg var så heldig å få lov til å kjenna men som no er borte frå denne verda, ho hadde evne til å leva sterkt og godt. Og ho drog svært mange andre med seg. Det var det lett å sjå og kjenna på i dag.
Ho gjorde uvanlege ting som ungdom. Ho fann seg ein uvanleg hyggjeleg mann og fekk to uvanleg hyggjelege søner og svigerdøtre, som ho kunne halda fram å gjera uvanleg kjekke ting saman med. Ikkje minst på reiser rundt om i verda.

Eg fekk eit bestemt inntrykk av at heimen deira så og seia alltid var open for
gjester. Uansett når på døgeret det måtte vera eit behov. Dei omgav seg med
mykje musikk, mykje folk og mykje
kjærleik. Eg hadde, dei altfor få gongene eg var i heimen deira, ei kjensle av
tryggleik. Der var det godt å vera. Eg angrar kanskje litt på at eg ikkje var
innom der oftare, medan ho levde og var frisk.
Så no tenkjer eg litt på det. Og dansar og grin litt.
No tenkjer eg litt på det, ja.
No tenkjer eg litt på det, ja.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar