Det er 1. juledag. Klokka er 04.00 og eg vaknar av lydar.
Framande lydar. Fuglar og dyr som samtalar. Det er heilt ljost og eg lurer
veldig i nokre sekund før eg skjønar kva
det er.
Eg er på andre sida av jordkloden, i Australia, nærare bestemt i byen Brisbane.
Og dyrelivet er yrande sjølv om eg oppheld meg midt i tettbebygd strøk.
Eg har i ein augneblink av overmot, kjøpt billettar til andre sida av verda og turen er eit faktum. Og for å rettferdiggjera det heile, siterer eg fritt etter noko han Erling Neteland ein gong sa; Det er no du skal leva og ikkje itte du er daud! Han sa det i forbindelse med at eg talde på knappane om eg skulle skifta hofte eller ikkje. Det enda med at eg høyrde på han og har ALDRI angra. Eg skifta altså hofte.
No er eg heime att i Norheimsund og Norge og er i full gang med å venda attende til kvardagen og arbeidet ved Thon Hotel Sandven midt i Grove. Ein hyggjeleg arbeidsplass som store deler av året fører verda til oss. I disse tider er det gjerne litt ubehageleg å få verda til oss. Me vert minna dagleg om situasjonar både fjernt og nært, som er ubehagelege å forhalda seg til. Og sjølv om eg gjerne skulle ha kasta meg inn i debatten og meint ein masse om mykje, teier eg heilt still. Eg vil heller dvela ved det som er enkelt og positivt. Er det lov tru? Er det litt feigt? Må t.d. det eg meinar om ytringsfridom ytrast? Har me rett til å gjera narr av kvarandre? Kanskje – kanskje ikkje.
For å setja fokus på kor bitte lita verda er, vil eg venda attende til min tur til Australia.

Ein varm og vakker 2. juledag gjekk turen til North Stradbroke Island, om lag ein times tur frå Brisbane. For å koma dit tok
me fyrst tog, så båt og så ein buss for å koma til målet som var Point Lookout
heilt nord på øya. Då me gjekk av bussen, fann me ut at me var svoltne. For å
ta snarvegen til næraste matstasjon, kryssa me vegen der og då i staden for å ta gangfeltet. På andre sida av vegen passerte me eit par som kom frå same restaurant som me var på veg til. I augnekroken fekk eg eit glimt av jenta og tykte at ho likna svært på dottera til ei av mine gode veninner i Norge. Eg snudde meg og ropte namnet hennar – og jammen var det henne!!
I brøkdelen av eit sekund var ferien vår berika med verdifull tid saman med to
flotte menneske!!
Mange takk Aurora og Andy!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar