Det finst ei flott ordning i
lokalmiljøet vårt, kalla flyktningeguide.
Dette er ein frivillig innsats inn mot ny-innflytta medborgarar, som t.d. snakkar dårleg norsk og/eller av andre grunnar treng hjelp til å orientera seg i det norske systemet. Eg har av ulike årsaker ikkje meldt meg som flyktningeguide og har av den grunn brukt litt energi på å ha dårleg samvit for det. Heilt utan grunn, syner det seg.

Etter at eg byrja som
resepsjonist på Thon Hotel Sandven, har dette nemleg løyst seg heilt av seg sjølv.
I staben på hotellet, har me representantar frå om lag heile verda. 13-14 ulike
nasjonar er representerte her. Nokon har tileigna seg både norsk språk og gjort
seg kjende med det norske samfunnet. Andre er ganske nye i landet og orienterer
seg som best dei kan. Nokon treng av og til litt hjelp til å forstå både det
eine og hitt og det er her me som kjenner landet kan bidra, heilt naturleg, utan å måtta melda seg på
verken her eller der. Det er nok mange som meg, som er litt redde for å binda
seg opp til ei forpliktande rolle, men som heilt sikkert kan bidra i eigenskap
av å vera eit medmenneske i kvardagen. Å
vera seg sjølv, oppføra seg på same måten om kollegaen kjem frå Eritrea eller
Sunnmøre. Hjelpa litt til om det er å forstå ei strikke-oppskrift eller om det
er å orientera seg i rettar og plikter i det norske samfunnet.
Det er svært hyggjeleg å vera
til nytte og det er også svært hyggjeleg å verta betre kjend med kollegaene
sine ut over det å vera kollegaer. Det er heilt sikkert mange arbeidsplasser i
Kvam som kan skilta med tilsette frå ulike deler av verda. Og det er heilt
sikkert mange som kvar dag kan vera litt guide for dei som treng det, utan å
gjera noko “vesen” av det.
Lukke til!
Lukke til!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar