Eg har no opphelde meg på andre sida av jordkloden i 2
veker.
Nærare bestemt i Brisbane, Queensland i Australia. Ein sjarmerande storby, delt i to av Brisbane River kor det lokale
transportmiddelet CityCat – katamaranar som frekventerer elva opp og ned store deler av døgeret, kunne
frakta oss omtrent kor det skulle vera.
Det er mange ville dyre-artar i Australia.
Og Brisbane er ikkje noko unntak. Flaggermus, kenguruar, wombats, kakaduer, slangar, øgler
av ymse slag, ville kalkunar, hai (som kjem opp i elva for å føda), edderkoppar
og sikkert mykje, mykje meir.
Kvar kveld i skyminga, lettar det heller store flokkar av
heller store flaggermus.
Flying fox heiter dei.
Den største Flying fox kan ha eit vingespenn på opp til 1,5 meter og kan vega 1,5 kg. Svære dyr med andre ord – svære dyr å sjå flagrande i lufta.
Flying fox heiter dei.
Den største Flying fox kan ha eit vingespenn på opp til 1,5 meter og kan vega 1,5 kg. Svære dyr med andre ord – svære dyr å sjå flagrande i lufta.
Ein kveld me var på veg heim med CityCat, opplevde me ei koloni-forflytning av disse
dyra som berre var formidabel. Det var på tusenvis. Heilt fantastisk å sjå, men
diverre heilt umogeleg å fanga som foto. Så vedlagde bilete er lasta ned frå
den kjende nettstaden google images.
Men som ein ung tyskar me traff på ei øy utanfor byen sa, det viktigaste minnet er her – og peika på hovudet.
Men kvifor har eg blanda inn hakka møkk i overskrifta?
Jau – det skal eg seia dykk. Eg har tidlegare på denne bloggen, undra meg over kvar dette uttrykket kom frå. Og min biologistuderande son, kunne i samband med synet av disse flaggermysene, fortelja med nett det. Uttrykket kjem frå at møkk frå fuglar OG flaggermus i si tid vart samla opp langs kysten av syd-Amerika og på øyane i Stillehavet. Dette vart igjen selt som møkk. Dette var/er møkk som innheld svært mykje nitrogen og var av den grunn ei svært populært salsvare. Interessant?

Havet utanfor Brisbane inneheld ei mengde eksotiske artar havdyr. Nemner i fleng – skjelpadder, hai, manta (rokker), blekksprutar, havål, delfinar, blå fiskar, raude fiskar, gule fiskar, stripete fiskar osb osb.
Me var svært heldige og fekk sett ein heil del av dette. Du verda kor fantastisk det er å ta på seg dykke-maske, gli uti lunka vatn og befinna seg midt oppi pausefisk-akvariet til nrk på 1960-talet!
Og for dei som dykkar med flasker – eit nokså mykje større akvarium.
Til trass for fuktig varme på godt over 30 grader det meste av tida, var dette ein del av verda eg godt kunne opphelde meg i over litt lengre tid.
Heldige han som skal få vera der i 6 mnd til!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar