søndag 2. november 2014

Varme eller kalde nordmenn??


Overflodsproblematikk.
I dag (fredag) hadde eg bestemt meg for ikkje å handla.
Likevel gjorde eg det.
Kvifor hadde eg bestemt for ikkje å handla?
Fordi eg ville overtyda meg sjølv om at det ikkje er naudsynt å handla kvar dag.
Kvifor gjorde eg det så likevel?
Jau, fordi eg vart så irritert på huer og hanskar og skjerf som låg i ein haug oppi hattehylla i gangen. Fann berre ein hanske og feil skjerf.
Dermed vart det innkjøpt 3 nye korger på Nille.
Stikk i strid med prinsippet eg hadde hatt tidlegare på dagen.

Svigerinna mi har hatt eit heilt år utan at ho har kjøpt seg noko nytt.
Då snakkar me til seg sjølv, altså.
Og ikkje mat og medisinar og slikt.
Eg kunne nok ha overlevd leng  på det eg alt har av saker og ting.
I både eitt og to år, tenkjer eg.
Men eg veit ikkje heilt, om eg vågar å ta det i så stor og lang målestokk.
Ikkje i  fyrste omgang i alle fall.


Der ingen skulle tru at nokon skulle bu.
Imponerande kor folk slår seg til under meir eller mindre underlege forutsetningar.
Høgt til fjells, langt inni skogen, inne på vidda, ute ved havet  eller ute på øyar.
Av og til vert det til at eg ser disse programma.
Av og til vert eg skikkeleg imponert og aldri så lite fasinert.
Og av og til får eg lyst til  å flytta ut av «samfunnet» eg også.

I Samnanger har nrk-teamet for Der ingen skulle tru at nokon skulle bu, funne ei fantastisk  flott og fargerik dame som har teke mann og barn med seg frå Israel, til ein avsidesliggjande gard.
Ho har skaffa seg eit levebrød med gardsdrift og ein liten men spesiell butikk på Bjørkheim.
Ein butikk eg definitivt skal besøkja neste gong eg køyrer den vegen.
Ein butikk som definitivt får meir besøk etter dette programmet.

Då rulleteksten gjekk over skjermen etter programmet, sat eg likevel att med eit lite men.
Eg har gjort meg eit prinsipp om å setja inn OG i staden for MEN i dei tilfellene der eit MEN dukkar opp. I dette tilfelle greidde eg ikkje det.
Årsaka var at eg ikkje kjende meg att i beskrivelsen eine dottera i huset, gav av oss nordmenn.
Nordmenn er  innadvendte og kalde.
Er me det?
Eg kjenner ikkje så mange.
Aller minst henne som programmet handla om.
No kjenner ikkje eg henne, men fekk eit visst inntrykk.
Kor har dette synet kome frå, tru??
Eg fekk litt vondt av henne. Eg fekk så lyst å visa henne det motsette.
Visst set me mykje inni våre heimar og ikkje så mykje på kaféar og andre utestader.
Men du verda kor mykje varme ein finn om ein til dømes melder seg i det frivillige kulturlivet.
I mitt nye liv som resepsjonist på Thon Hotel Sandven, opplever også eg det motsette.
Kvar dag har me lokale stamgjester innom vår koselege lobby. Kaffi og sveler står på menyen – om dei ikkje vel noko frå vår smakfulle lunsjmeny.
Kvar dag har me dagens rett og det er skjeldan me ikkje har folk i den nydelege restauranten vår.
På kveldstid, dukkar det gjerne opp lokale gjester i tillegg til dei overnattande gjestene våre,  til eit lite glas av eitt eller anna.
Varme utadvendte både  nordmenn og utlendingar.
I gjesteboka står det side opp og side ned om gjestfriheit.

Eg vonar me nordmenn kan få ein ny karakteristikk i denne jenta si oppfatning.
Eg skal prøva å gjera mitt i alle fall.


 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar