Eg har tidlegare skreve om sko.
Sko har ein stor plass i livet mitt.
Eg har mange par – nokon brukar eg oftare enn andre.
Converse og converse-liknande sko brukar eg oftast.
Eg har to søner – som begge har flytta heimanfrå.
Men av ein eller annan grunn står nokon av skoa att.
Mange av dei converse/ converse-liknande sko.
Så ein dag sette eg dei opp i ei lang rekkje ute i gangen.
Det var mange assosiasjonar som dukka opp i tankane mine då.
Den fyrste var eit butikkvindauga i Reykjavik der utstillinga hadde teksten
My home is where my shoes are.
Kor viktig er ein barndomsheim for utflytta born?
Er det her eg skal bu resten av livet for å halda på barndomsheimen deira?
Me flytta 5 gonger i løpet av oppveksten deira.
Kor viktig er denne heimen – denne siste heimen før eigne heimar?
Sjølv hadde eg ein heim heile oppveksten.
Og då begge foreldra mine var borte og me skulle tøma huset, låg det jammen att ein god del av mine eignelutar der.
Men ingen sko.
Konklusjonen kan då vera at dette ikkje lenger var min heim.
Eg hadde ein ny heim.
Men likevel hadde eg eit lite lager att i huset kor eg vaks opp.

Eg ser på loftet mitt her i min siste heim, at det er svært,
svært mykje som tilhøyrer sønene mine.
Og tankar om at dette skal verta liggjande til eg ikkje tilhøyrer denne verda lenger, er ør litt tyngjande.
Mitt forsøk på å få med meg dei to som eig alt dette, til å rydda opp, har enno ikkje lukkast.
Og det har no for så vidt ikkje noko hast, men likevel.
Kanskje finn me att noko me lenge har lurt på kvar er?
Kanskje kan me tilføra bruktutikken Plant eit tre eit heilt nytt assortement?
Neste gong me er samla, er det definitivt loft og kjellar som står for tur!
Det er haust.
I dag har Kvitingen fått eit tynt lag med nysnø på seg.

Sko du ha sett! Godt og fint skreve Inger.
SvarSlettTakk!
Slett