Eg har vore ein snartur til Frankrike. I brudlaup. Det
var nevøen min som gifta seg med sin kjære kjæraste. Det var svært stor stas å
vera med i denne store, viktige hendinga.
Me var ein heil del nordmenn som reiste nedover.
Både slekt og vener av brud og brudgom.
Me var ein heil del nordmenn som reiste nedover.
Både slekt og vener av brud og brudgom.
Eg sat i baksete og filosoferte over det som openbara seg utanfor vindauga. Det var ei kulturreise på 2,5 time. Eg ramsar i fleng;
Motorveg, jordbruksland med solsikker, sennep og maisplanter, beitande sauer,
kyr og hestar, små, koseleg, franske landsbyar, atomkraftverk, slott, fleire
slott, kyrkjer,
elver, bruer og masteskog.
Med hjelp av gps og kart, kom me fram til overnattingsstaden, som var eit gamal gardsbruk omgjort til overnattingsstad. Ein svært hyggjeleg vert tok imot oss. På fransk sjølvsagt. Mi nyleg innkjøpte «Lær fransk på 15 minutter» med undertittel «hver dag» - var til lite hjelp. Men med hans med beskjedne engelsk, armar og bein, så gjekk det svært så bra!
Neste dag var det brudlaup i Vouzeron. Ein endå mindre by, der hovudbygninga var kyrkja. Og det var der det skulle skje. Sermonien gjekk føre seg på tre språk; fransk, tysk og norsk. Mykje song. På fransk. Og eg song med som best eg kunne.
Etterpå var det fest. Og mat. Og meir mat. Og endå meir mat. Og drikke. Og meir drikke. Og endå meir drikke. Og kaker. Og meir kaker. Og til slutt var det dans.
Det vart nokre talar etterkvart. Bror min og sonen hans (brudgomen) gjorde ein imponerande innsats på fransk. Eg vart aldeles mållaus!
Stas!
Lukke til Sebastian og Lucie!
Neste dag tok me oss ein tur til middelalderbyen Bourges kor me besøkte Saint Etienne-katedralen. Etterpå var det fest. Og mat. Og meir mat. Og endå meir mat. Og drikke. Og meir drikke. Og endå meir drikke. Og kaker. Og meir kaker. Og til slutt var det dans.
Det vart nokre talar etterkvart. Bror min og sonen hans (brudgomen) gjorde ein imponerande innsats på fransk. Eg vart aldeles mållaus!
Stas!
Lukke til Sebastian og Lucie!
Imponerande byggverk på alle måtar. Me klatra alle dei 330 (eg trur det var fleire, eg talde i alle fall fleire) trappetrinna opp i tårnet. Både kne og hofter haldt.
Og det var langt ned, ja! Veldig langt!
Jammen gjekk det bra med fransken der også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar