Festivalsommaren er for så vidt nett starta for dei som
opererer med festivalsomrar.
Men for meg er han over.
Og det utan at eg har reist lenger enn til Bergen.
Nattjazz, Hardanger Trebåtfestival, Hardingtonar, Då KORK kom til bygda – kjendest ut som ein festival – og no til slutt Bygdalarm.
Resten av sommaren vert det jobbing – noko som er ein festival i seg sjølv.
Som resepsjonist på Thon Hotel Sandven i Norheimsund, jobbar eg skift.
Idag skal eg ha seinvakt. Det betyr at eg har morgonen til å gjera det eg elles sjeldan eller aldri får gjort. Til dømes ein sykkeltur før frukost? Sola varmar så då er det berre å ikle seg kortbukse og trakka avgårde.
Eg tenkjer mykje når eg er ute og syklar. Eg syklar mykje, ergo tenkjer eg mykje. På eitt og hitt.
Og i dag tenkte eg på Festivalsommaren som for min del var over, men kor usedvanleg heldige me hadde vore med alle dei lokale festivalane. Festivalar dei fleste av oss har ei eigedomskjensle til. Festivalar utflytte kvemmingar kjem heim for å delta på. Festivalar «halve bygda» er med å jobba frivillig på. Festivalar som pregar bygdene både før og etter.
I dag var målet Steindalsfossen. Eg blanda meg med turistane og tusla opp under fossen.
All skepsis til kommers rundt dette naturfenomenet, forsvann om kapp med fossevatnet.
Det arbeidet som er gjort for tryggleiken til oss turistar, er gjort i tråd med det som var der frå naturen si hand. Mange takk!
På veg ned att fann eg tid til å prøva den nye betongbenken. Og der hang den, den vesle grøne klistrelappen; Bygdalarm. Med eit smil om munnen kunne eg signera turen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar