lørdag 24. mai 2014
Angrepen av kjøleskåpstorpedoen
Her ei natt vart eg angrepen.
Eg vart agrepen av kjøleskåpstorpedoen
Rett og slett.
Ikkje visste eg at han fanst.
Ikkje før eg kom heim frå seinvakt.
Det var ganske seint og eg var ganske trøytt.
Eg hadde pakka litt saker og ting for å ta med til Os, kor eg skulle vera
i tre dagar.
Og før eg hoppa til køys, skulle eg nett ta meg eit glas eplejuice med
sprudlevatn
Sokalla Apelschorle - på tysk
På disken låg eit stykkje tjukkt glas!
Eit stykke tjukkt glas av typen du finn over grønsakskuffa i dei fleste
kjøleskåp.
Dette hadde då vorte knust i mitt kjøleskåp,
og eg hadde lagt eit bit på disken for å hugsa å reisa opp til han Leif i
Belsen, for å kjøpa nytt.
Og der skjedde det.
På ein eller annan måte, greidde eg å sopa denne tjukke, tunge, spisse
glasbeten ned på golvet.
"Pokker", tenkte eg, no vert det hakk i golvet.
Igjen.
Eg tok ein kikk i den retninga glasbeten hadde teke, og der såg det
mistenkeleg blodig ut.
"Pokker", tenkte eg igjen.
Den traff foten min. Her er det berre å plastra.
Fram med Norgesplaster i vevd tekstil, strips, ulike breidder.
Det hjalp ikkje.
Det var blod overalt på eit øyeblikk.
Eg kom meg inn på badet det fortaste eg vann, og røska ut korga med
forbindings-utstyr.
Eg flekka opp ein enkeltmannspakke, kjøpt på Linnea apotek i Øystese for
den nette sum av 19,95.
Den har lagt ei stund, tenkte eg, frå ca 1980, men den gjer nok nytten.
Eg surra den på, men merka fort at her måtte det kratigare lut til.
I korga låg det ein rull med gasbind. Eg tok heile rullen, trykkte den mot
såret og vikla deretter ein rull med støttebandasje rundt.
Riktig profft, om eg må sei det sjølv.
Vegen inn att i stova og vidare til kjøkernet, såg meir ut som eit slakteri.
Eg fann fram mopp og vatn, og kunne leggja meg klokka halv 2 med reint golv
Men å sova var verre.
Beinet må liggja høgt, tenkte eg, og henta eit par dyner til.
Slik snirkla tida seg avgårde, i påvente av at Kvam legevakt skulle opna kl
08.00.
Jammen godt det finst radio og spanande bøker.
Klokka 08.01 ringde eg det magiske nummeret 56551910.
Kvam legevakt svara det, men dama befant seg på Voss.
Ho meinte at det berre var å venta litt, så hadde dei kopla om telefonen i
Norheimsund.
Eg prøvde att kl 08.10, men det same skjedde. Dama som svara, var fysisk på
Voss, sjølv om ho svara Kvam legevakt.
Idet andakten gjekk på lufta for andre gong, ringde eg igjen.
Men det same skjedde.
Då gav eg opp. 08.30 kunne eg ringja Norheimsund legesenter, og eg så
gjorde.
Etter litt akkedering, fekk eg forklart dama at her vat det brottom, og då fekk
eg koma ned kl 9.
Og no set eg her, nysydd og fin.
Det vart nok ein kjekke dag på Oseana.
Ja, for Thomas kom å henta meg og eg nådde jobben heilt på klokko.
Livet er spanande.
I kveld er eg attende i Norheimund
og set og nyt synet av Steinsdalsfossen
Den er enorm i kveld.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar