mandag 3. mars 2014

Livet – del 3


Etter nesten 5 år på laust, har eg fått meg jobb.
Fast jobb.
100%.
Det er uverkeleg og heilt fantastisk.
Og det i mi eiga heimbygd.
Eg kan sykla til jobb på 5 minuttar.
Min fyrste arbeidsdag startar i dag klokka 15.

Eg har allereie i fleire netter, jobba hardt på min nye arbeidsplass.
Eg har vasa rundt mellom tunge støvete møblar og tunge støvete tepper.
Vakna heilt forkava og kome på at det ikkje er ein slik jobb eg skal gjera.
Nei, min jobb er å ta imot folk og gjera tilværet hyggjeleg for dei.
Min jobb er å gje folk husrom for natta.
Eg kan servera dei ein kopp kaffi eller eit glas vin og kanskje ei  vafle.
Eg skal gå i uniform – meir som ei flyvertinne.
Og det midt i Grove!
I min barndoms næraste nabo – Sandven Hotel.

Då eg var liten, hadde Sandven Hotel robåtar i gult og blått.
Var me heldige, kunne me låna dei og ro ut på Sandven-holmen.
Då eg var liten, hadde me verdas største leikeplass i hagen på Sandven Hotel.
Me hoppa på trampoline og dei som var eldre enn meg, spela tennis på tennisbanen.
Tennisbanen vart seinare til luftegard for hestane Marocco, Eline og Miss Curry.
Kvart år i januar, hadde Kvam Rotary Club verdas kjekkaste juletrefest i bankettsalen.
Der åt me frå verdas beste buffet, med verdas beste dessertar.
Etterpå leika me «Kjerringa med staven».
Det gjekk ut på at onkel Knut sprang fyrst med ei lang rekkje born etter seg.
Ruta gjekk frå kjellar til loft,
innom alle gangar, krinklar og krokar.
Og det kjekkaste av alt,
me vart kjende med born frå Øystese; Merethe, Beate, Hans Olav, Siri, Lise m.fl.

På loftet på Sandven var det skummelt.
Eg har alltid forestilt meg at det må vera ein ideell arena for eit gjenferd og to.
Og då – orsak meg -  går tankane mine til Gerd.
Gerd med hundane Gasso og Niro.
Gerd som sat inni spisesalen og fekk avisa levert på døra av han Simon.
Gerd som sat utanfor privaten og sola seg frå fyrste solgløtt.
I pels, med solskjerm rundt halsen.

I dag er det ein spesiell dag.
I dag startar livet – del 3.
Men fyrst må eg ta meg ein sykkeltur rundt vatnet.

1 kommentar:

  1. Du saa kjekt for deg! Ideelt! Du er "heime" igjen!
    Eg kjende igjen mange av dine mimringar, men du var tydelegvis betre kjend med dei paa hotellet. Eg minnest det var stas aa smaka paa svisker og aprikosar som kom i sekker. Det er som ei anna verd, som det jo var.
    Det om solinga var og noko eg hugsar. Ho var tidleg ute, ho Gerd! Rart, i grunnen, at det gjekk an for "husmora"/direktrisa paa eit slikt hotell, aa gjera saa lite. Kan ikkje hugsa at ho tok eit tak, nokonstad, men kan hende tar eg feil her. Men ho var alltid hyggeleg, og det jo verdt masse!
    Lukka til med jobben. Du skulle passa ypparleg, du som er saa glad i folk, og saa initiativrik.

    SvarSlett