mandag 31. mars 2014

Livet del 3 eller 4 - andre kapittel




Som den observante lesar antageleg har fått med seg, har eg fått meg ny, fast jobb.
Som resepsjonist på Sandven hotel, no Thon Hotel Sandven, har eg etter beste evne tilteke meg kunnskap eg aldri før har visst eksistete.
Eg har heldigvis fått meg eit skilt med «under opplæring» på.
Derav har eg fått namnet Frk. Opplæring, av ein av våre stamgjester frå Danmark.
Heit greitt!!
Og skiltet har vore til stor hjelp når kinna har vore mørkeraude og eg ikkje har visst kva funksjon eg skal velgja.
For det er ikkje alltid heilt logisk.
Lat meg ta eit døme:  dersom nokon sjekkar ut for tidleg, finn ein KUN utsjekksmuligheten ved å velgja  «settlement» i utsjekkingsvindauga. Logisk??
Om ikkje ein finn det rette valet, får ein ikkje opp det neste rette valet, som må til for i det heile å koma vidare.
Og det kl 07.00 om morgonen, med 13 travle gjester som skal avgårde.
Kinna vert ikkje berre raude – dei held ein temperatur på om lag 40 grader!

Så her ein kveld, skulle eg utføra den velgjerninga, å vaska klede for ein ung gjest.
Vaskemaskina er i kjellaren og eg rota meg avgårde i mørket. Eg henta kleda og var i full fart på veg opp att. Det eg hadde gløymt medan eg plukka vasken ut av maskina, var ein pitte liten avsats på vegen. Og dermed snubla eg. Det skulle vore filma.
Med armane fulle av plastikkpose med klede, utførte eg det mest elegante tresteg, eller firesteg, før eg tippa over og landa i grusen.
Uniformen! var det fyrste eg tenkte på. Hadde eg fått hol på det fine skjørtet??!
Men nei – det var like heilt, og det same var eg.
Trudde eg.
Heilt til eg neste dag kjende ei byrjande smerte i ribberegionen.
Smerta har til i går, vore sterkt tiltakande, for å sei det mildt.
Og for å toppa dette, greidde eg nokre dagar seinare å gløyma at eg hadde ei faldedør inni døropninga på kjøkenet mitt.
I fin fart, skulle eg inn i stova og skifta musikk, då eg small vesletåa rett i døra.
Det var vondt, det!!
Neste dag var det umogeleg å få på seg anna enn støvlane til Gaute (str. 45)
Og dagen etter det, skulle eg på jobb i Kabuso.
Takk til Gunvor, som lånte meg sine fine, raude, breie sko i str. 40.
Det redda meg.
Og tåa var ikkje broten, i fylgje legevakta.
Dagens rapport i den samanheng er at eg får på meg eigne sko, men kjenner godt at eg har ei tå ute på kanten der!

I dag har eg fri og skal ut å sykla i sola.
Det er spanande med litt drama i kvardagen – men det held ei stund no.
Eg skal sykla varsamt!





1 kommentar: