Ljos frå underverda
Tankar etter eit viktig og historisk val.
Du må alltid sjå ei sak i frå minst to sider - sa mor mi.

Innsida, utsida og no også undersida, tenkjer eg.
For eg har sett snø frå undersida!
Det var fantastisk. Det var mørkt og kaldt og eg befant meg under vassflata.
Eit ljos på veggen over, lyste ned gjennom det tynne snølaget som låg i vasskorpa.
Snøen såg ut slik risen «står» i panna når den er ferdigkokt.
Dette ville eg aldri ha oppdaga om eg ikkje hadde gjort meg den umaken å innta denne litt besynderlege posisjonen.
Dette hadde eg ikkje oppdaga om eg ikkje hadde vorte litt kald på hendene.
Etter ein varm dusj med påfylgjande tomling med Laphroaig, vart opplevinga signert.
Dette berre må vera den riktige vinkelen å sjå snøen frå.
Kva har dette med val å gjera?
Det hender ein må ta besynderlege posisjonar for å forstå kvifor nokon seier og gjer som dei gjer.
Noko kan høyrast fullstendig feilvurdert og det er ikkje mogeleg å setja seg inn i årsaka til at det som vert sagt og gjort, vert sagt og gjort.
Spesielt tenkjer eg på politikarar.
Mange av den kategorien får gjerne ein mikrofon opp i fjeset, etter ein lang og vanskeleg diskusjon og skal ha eit svar på det meste.
På flekken.
Politikarar er også medmenneske, same kva parti dei representerer.
Og om ein klatrar inn bak fasaden, dukkar det kan henda opp noko som forklarer grunnen til at nettopp dette svaret kom.
Har ein høve til læra denne personen å kjenna, dukkar det kanskje opp eit hyggjeleg, oppegåande og velreflektert menneske.
Vel kan ein vera rykande usamde om saker og ting, men det er som nemnt, ulike måtar å sjå det på.
Eg vågar å håpa at det vil gå godt etter dette valget også.
Ungt og fresht
Men det er ein ting eg faktisk har litt vanskeleg å forstå.
Det er kvifor alt skal vera så ungt og fresht?
At mange ser på folk i sin beste alder som utdatert.
Jfr. denne artikkelen frå Dagbladet, som du godt kan lesa etterpå. For det verste i alle fall eg veit, er å verta avbroten midt i ein lesestraum, av at det vert linka i aust og vest, og som til slutt gjer at eg landar langt ute på viddene. Men det er antageleg fordi eg er gamal og utdatert.
Og der var eg langt ute på viddene.
Tilbake til dei utdaterte.
Det skjønar eg ikkje.
Her er me.
Klare for innsats.
Fulle av erfaring og kunnskap.
Eg berre nemner det og kan ikkje få nemnt det nok gonger.
Det går an å byta meining.
Det burde fleire ha tenkt på!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar