Det var eit stort næringslivsseminar i Oslo i sist veke.
Seminaret var lokalisert i den Norske Opera og Ballett og romma ei mengde menneske frå det norske næringsliv.
Tema var læring og utdanning – og kun eit einsleg vesen (etter det eg fekk med meg) frå yrkesgruppa lærarar, var til stades på seminaret.
Fleire frå denne yrkesgruppa undra seg over at det ikkje var invitert fleire og endå fleire undra seg over at det ikkje var invitert ekspertar frå denne gruppa til å halda innlegg til debatten.
Administrerande direktør i Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) Kristin Skogen Lund, repliserte undringa med fylgjande kommentar; Dei er velkomne til å fylgja og delta i debatten på internett og ulike sosiale media.
Eg kjende eg vart heilt paff. Det må ha vore i eit spontant sjølvforsvar at denne uttalen berre datt ut av henne – og ikkje i fullt alvor??
Eller?
Like paff vart eg då eg høyrde at foreldre ynskjer å utstyra born heilt ned i førskulealder, med bankkort.
Det kjennest så feil ut.
Men kanskje det ikkje er verre enn det var den gongen dei fyrste borna vart utstyrt med ein skilling i staden for 1 kg blåbær og 4 egg?
Det er ikkje lett å venja seg til nye sosiale uttrykk og livsformer.
Det er ikkje lett å vera litt «treig» i eit samfunn som rasar avgarde med lynets hastigheit.
I eit samfunn der det er om å gjera å syna seg fram, syna heimen fram, syna borna fram, syna fram kor tynn du er eller kor trent du er, eller kva det no skulle vera som var så interessant. Der dei som vil selja deg noko skal få lov å marknadsføra seg overalt og reklamane skal skrika imot deg berre du skal på do.
Dette tenkjer eg på, her eg set medan hovudet eigentleg er ein heilt annan stad.
I Lærdal.
Nok eit ledd skal skiftast ut.
Denne gongen er det kneet og eg er etter det rykta seier, i dei beste hender i Sogn.
Eg har pakka med meg bøker, strikketøy, pc og gode sko.

Kjære deg Inger! Lukka til og god betring med kneet! Dama i NHO er det vel ikkje noko me kan skifta ut på?????
SvarSlettKkjære deg, eg er ikkjen heilt anonym heller då........ meinte å skrive Stooor klem frå Merethe G
SvarSlettErfaringa min er kun positivve!
SvarSlettBåde opphaldet og etterpå
Skulle gjort det for lenge sidan.
Viktig å trena mykje. Og vera tålmodig.
Det tok akkurat 1 år før alt var som føt.
Lukke til!