Fyrst av alt; dette er eit forsøk på ein refleksjon.
Ein refleksjon over endringar i sosiale samværsformer - eventuelt endringar i mitt liv.
Eg har hatt nok av tid til å tenkja over det denne juletida, for å sei det slik.
Eg er vaksen opp i ein heim der
det droppa inn folk til alle døgnets tider.
Ikkje berre i jula, men resten av året også.
Det var alltid småkaker i kakeboksen til foreldra mine.
Havremakroner.
Undringa var difor stor, då eg flytta ut frå heimen og opplevde at slik var det ikkje lenger.
Det var for det meste dørgande stille, så sant eg ikkje fann på noko sjølv.
Difor sette eg i gang med å arrangera alternative møtepunkt – slik som festar, arrangement av ulike slag, konsertar, foreldre og barn-treff då eg sjølv vart mor, symjegrupper, trimgrupper m.m.
Dette har eg halde på med inntil for to år sidan – men så vart det slutt på energien og slutt på arrangementa.
No kunne eg heller gå på det andre sette i gang, tenkte eg.

Eg bur aleine – til liks med svært mange andre.
Eg trivest godt i mitt eige selskap og trivst difor også med å bu aleine.
Mine to vaksne søner har flytta ut, men kjem heim på besøk i ny og ne.
Som til jul, påske og andre høgtider.
Difor baka eg eit par kakesortar her før jul, sjølv om dei begge sa det ikkje var nødvendig.
Tanken var at det kanskje kunne henda at noko stakk innom som snarast i juletida, og at dei då ikkje skulle sitja med tome fat.
Julekvelden kom, utan noko av sorten – altså ingen som hadde stukke innom før jul.
1. dag og 2. dag kom og gjekk. Framleis ingen som stakk innom.
3. dag, 4. dag og 5. dag. Sønene var reist på hyttetur og her sat eg med kakene mine.
Hm!
Eg får invitera då, tenkte eg – og prøvde meg med ein sms til det einaste mennesket eg kom på som kanskje kunne koma frå.
Enden på den visa, var at eg stakk innom til henne.
Me drakk te og prata og hadde ei riktig hyggjeleg stund.
Og då eg kom heim att, var eg faktisk mykje gladare og lettare til sinns, og kakene var framleis like mange i talet.
Det er ikkje synd
i meg.
Eg trivest som tidlegare nemnt, godt i eige selskap.
Og når det vert for tett, kan eg heilt sikkert gjera noko med situasjonen sjølv.
Det er berre det, at ein av ulike årsaker, ikkje alltid har overskot til å vera den aktive.
Av og til er det godt å berre få besøk.
Heilt uventa, av nokon det er heilt naturleg å vera ilag med.
Ikkje «tvangsbesøk», ikkje invitert besøk – men eit heilt alminneleg «stikkinnombesøk» av nokon du kjenner godt.
Drikka ein kopp te, prata litt og eta ei lita kokosmakron.
Som nemnt, det er fleire kaker att – og eg er optimist av natur.
Eg håpar eg slepp å kasta dei.
Ynskjer alle eit godt nytt år!

Skulle gjerne tatt meg ein tur, men du bur litt langt unna...
SvarSlettTakk!
SvarSlettIkkje noko rart. Du er for godt vant. I Gråve kom dei fleste innom kjøkkenet til ho Hjørdis. Vanlegvis fordi dei hadde lyst, eller hadde lyst på ein kopp kaffi. Det var ikkje så mange alternativ i bygda. Eller fordi huset omtrent var ein fortsettelse av fortauet utanfor. Nokon gjekk til og med innom ved ein feiltagelse. No som ho Hjørdis ikkje er lenger i Gråva, i det gule huset mellom posten og Gullsmed Bjørgum, må ein ta skjeia i eigne hender. No er det det vanlege som gjeld. Ein må ut og besøkja folk sjølve, stikka innom, banka på dørena. Dei vil at folk stikk innom dei og. Godt nytt år
SvarSlett