onsdag 27. november 2013

My home is where my shoes are


I min flakkande tilværelse, stiller eg meg av og til spørsmålet;
kor er eg i dag?
kva side av senga skal eg stå opp på?
kor er do’en?
kor skal eg på jobb? Ein morgon small eg faktisk rett i veggen, då eg ikkje tok meg tid til denne vesle meditasjons-øvinga.

På ein tur til Reykjavik, lyste orda på biletet ovanfor, imot meg frå eit butikkvindauga;
Your home is where your shoes are
Aha! tenkte eg – er det slik det er!
Då er  min heim definintivt på Norheim i Norheimsund.

 Etter at gutane flytta på hybel, såg eg mitt snitt til å overta det minste av soveromma for å nytta det til andre ting. Eg innreia det til eit godt gamaldags kott
- eller walk in closet, som det også heiter på fint.
Der har eg sett opp ei Billy-hylle frå Ikea, kor skoa mine har fått plass.
Eller dvs ikkje alle fekk plass.
Til min store forskrekkelse vart hylla for lita!
For vel ante det meg at eg hadde mykje sko, men ikkje så mange.
Kor mange par sko eg har, har eg ikkje talt opp.
Men meir enn ei Billy-hylle er det i alle fall.

Sidan eg har eit lite kryp-inn på Os også, tenkte eg vidare at det kanskje kunne vera kjekkt å gjera det litt heime-kos der også.
Som sagt, så gjort.
To par sko + eit par støvlar, skifta heim.
Men når sant skal seiast, kjende meg ganske heime der borte før skoa kom i hus også.
Har noko endra seg? Kanskje ør litt? I alle fall etter at dei raude støvlane kom i hus der borte.

Eg har alltid sagt at eg har svart belte i tilpassing.
Med åra har eg likevel vorte meir og meir heimekjær.
Heimekjær på Norheim.
Kanskje av di eg må vera så mykje på farten heile tida.
Att og fram – her og der.
Eg nyt å fyra i omnen og siga ned i sofaen med ein kopp te, sjå på tv eller lesa ei god bok.
Eg nyt å putla i heimen med forskjellige oppussings-prosjekt.
Eg oppdagar stadig at utedøra framleis er låst, når eg om kvelden skal ned å henta posten.

Det vera skoa.
Det vera at antalet sko har auka.

Sjakkfeberen breier om seg.
Magnus Carlsen fekk gratis bondetrekk, sa dei under sjakk-vm.
Då vert det storfint på Kvamskogen til vinteren, tenkjer eg.
Løype i svart/kvitt?

(for dei som ikkje er innvigde i lokalhistoria på Kvamskogen;
 skitrekket Mødaldtrekket har kallenamnet bondetrekket her lokalt)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar