Eg har fått eit nytt troll i hus!
Frå før har eg eit sokke-troll og eit nøkkel-troll.
Disse trolla et som namna tilseier, sokkar og nøklar.
Eller lyklar som eg seier.

I det siste, er eg då heimsøkt av eit nytt troll
- Norwex-klute-trollet!
Spesielt er det vindaugs-klutar det har spesialisert seg på.
Eg kjøpte i vinter inn eit sett med fantastiske vindaugsvask-klutar
av Norwex-konsulent Eva.
Vaska alle vindaugene med strålande resultat, vaska klutane
og la dei vekk der den slags utstyr plar oppbevarast -
i kjøkenskåpet.
I mellomtida har eg fått ny oppvaskdisk, med tilhøyrande skåp.
Eg la alt eg hadde i det gamle skåpet, inn i det nye - i alle fall det som ikkje skulle kastast.
Men Norwex-klutane var søkk vekke.
Difor tinga eg meg eit nytt sett.
Dette fekk eg levert inn på butikken eg jobbar på og tok dei med heim sist eg var der.
Då eg vakna i dag, kjende eg at det var ein perfekt dag å vaska vindauger på.
Eg nærast spratt or senga og tappa i bøtta.
Men kor var klutane?
Eg har gjennomsøkt heile huset, utan å finna dei.
Eg fann derimot halvparten av dei to eg hadde frå før,
slik at eg ved hjelp av ein annan klut, fekk vaska vindaugene.
Det trengst nemleg to ulike klutar for å få eit perfekt resultat.

Så no er eg vindauga blanke og eg er klar for innkjøp av nok ein klut.
Den skal eg leggja på den mest iaugnefallande plassen
- i kjøkenskåpet,
for å forhåpentlegvis, finna dei begge att der neste gong eg fyk or senga for å vaska glas!

I dag får me ny regjering i Norge.
Eg lurer på om dette vil ha noko å seia for vindaugsvaskarane her til lands ?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar