No er den her.
Rapporten som stadfestar det me har visst lenge.
Klimarapporten som fortel oss at me må roa oss kraftig ned.
Som fortel oss at me MÅ tenkja oss om.
Alle.
Uansett kva parti me stemmer på.
No kan umogeleg det partiet eg tenkjer på, avvisa fakta.
Fakta bygd på grunnlag av forsking av seriøse ekspertpanel.
FN’s klimapanel.
Eg må berre sei – litt kjepphøgt – kva var det me sa?
Kva var det me sto på stand og krangla om i 1977?
Eg kan ikkje med min beste vilje, skjøna kvifor det har tatt så lang tid for verda og sjå dette.
Er eg naiv no?
Kanskje dei ikkje ser det enno?
«Det har alltid vore endringar i klima»
Ja – i tusenvis av år!
Dinosaurane døydde ut – og det kan vel ha sine fordelar.
Men har eg rett når eg oppfattar det slik, at endringane i vår tid går noko raskare?

Appropos dinosaurar.
I ein samtale kring kven som kom fyrst av høna og egget, konkluderte me egget.
I same augneblink fekk eg eit bilde i hovudet;
ein reptil eller ei øgle som la egg – etter ei tid kakka det på – og ut kom ei høne.
Stakkars skapning.
Tenkjer at morskjensla likevel var like sterk.
(forresten, er dette noko eg har frå Donald?)

Har denne FN’s klimarapport noko å seia for meg personleg?
Kanskje?
Kan eg hjelpa til med å snu endringane?
Kanskje?
Eg må fyra mindre i omnen.
Det skal eg lett greia med varmepumpe innstallert.
Eg må skifta ut Berlingoen og få meg ein meir miljøvenleg bil!
Den set litt lenger inne……..
Men på den andre sida, eg er av dei heldige som likar å ta buss.
Eg må ta tog i staden for fly – null problem.
Litt langt å ta toget til Kreta, men då får eg lata vera å reisa til Kreta då.
Eller ta båt.
Om det går ein.
Alternativa ligg der, men løysinga på problemet ligg nok på eit litt større plan enn vesle meg.
På ein av mine turar mellom Norheimsund og Os
- som på grunn av ras i Tokagjel - på grunn av klimaendringar?
tek litt lenger tid og eg forureinar litt meir,
høyrde eg eit innslag på radioen, om rettferdig handel.
Programleiar Jacobsen, ringde opp ein familie som skulle uttala seg om dette tema,
Tilfeldigheitene ville det slik at nett denne dagen, var denne familien frå Os.
Det vart snakka litt att og fram om tema
– og denne familien hadde heilt klart fått noko nytt å tenkja på.
Dei ville nok sjå etter Fair Trade merka varer i butikken heretter.
Og avslutningsvis kom gull-kommentaren frå barnebarnet:
Bestemor er veldig flink å handla i utlandet, for ho er så flink å pruta.
Fair trade.

Agree!
SvarSlettMerethe G