www.gjenfodt.no stod det på tavla i klasserommet
i Haavetun.
Klasserommet me hadde norsk-undervisning i for 36 år sidan.
Norskundervisning med Nelly – som gjorde at eg likevel søkte på gymnaset – og kom inn.

gjenfødt.no tenkte eg – ja, no lyder det endeleg litt kjent,
etter ein runde på ein kjent men likevel ukjend skule.
Dette må definitivt vera noko religiøst.
Men der tok eg feil.

Skeptisk
Eg reiste fredag ettermiddag, med definisjon av mine innerste kjensler som hovudtema i tankebanane.
Skeptisk – var konklusjonen.
Meget skeptisk.
Målet var gjensynstreff med medelevar og skulen me gjekk på for 36 år sidan.
10 månader av eit liv på 53 år – var det så viktig då?
Betre vart det ikkje av at meldingane tikka inn frå snart den eine snart den andre;
«diverre, noko har kome i vegen, så eg kan ikkje koma likevel».
Av 72 elevar, var det påmeldt 15. Eg såg for meg eit gjensynstreff med kun eg og Bente.
Bente som var igangsetjar og medarrangør av denne uformelle samlinga av gamle elevar.
Endå verre vart det då alle innfartsvegar til Bergen var stengt og turen måte gå via Voss, slik at eg fyrst kl 22:00 trilla kofferten inn i resepsjonen på Sunnfjord Hotell i Førde.

INGER! jalla det mot meg.
Der sat dei, som om tida hadde stått stille. Bente, Solveig, Mai Liss, Torill, Sverre og vår nye «medelev»» og utnemnde fotograf, Arne (fylgje til Mai Liss). Seinare kom også Vigdis og Venke D.
Skeptisk? Kven hadde vore skeptisk?
At 8 så maksimalt ulike menneske som for 36 år sidan hadde delt hus og rom i 10 månader, kunne få ein slik kontakt på så kort stund, hadde eg ikkje i min villaste fantasi forestilt meg.
Poker
Neste dag rusla me sakte oppover vegen me så mange gonger hadde rusla vinteren 76/77.
Vegen frå Førde sentrum til Solvang.
Vegen som vart kortare og kortare etter som tida gjekk. Og på skulen møtte me Jostein, Sølvi og Olaug.
Det fyrste eg legg merke til etter gjensynsglede er ein plakat i A4 fomat på døra inn til peisestova; «Texas holdem. Tirsdag kl 19:00»
WTF! Kva i all verda er det som har skjedd?
Hadde me så mykje som tenkt på å spela poker for 36 år sidan, er eg nesten sikker på at me fått ein alvorleg påpakning.
Fløylov
Ein av lærarane på skulen, tok av laurdagen sin og synte oss rundt på skulen. Ombygde internat med dusj og toalett på dei fleste av romma. Men kva var det som ikkje stemde? Den solide brannmuren mellom gute fløyen og jente.fløyen var fjerna. Og på rom nr 113 (mitt) stod det eit jentenamn og på rom nr. 114 (Solveig sitt) stod det to gutenamn.
Jenter og gutar, på SAME gangen!
Kva med fløylova då? Tirsdag og fredag mellom 16 – 19, eller kva det var?
Nei, dette gjekk nesten ikkje an.
Musikken strøymer ut frå eitt av romma.
Høgt!
Tankane mine går til då Kari fekk inndrege kassettspelaren sin, etter at me hadde kosa oss og dansa ei kveldsstund på rom 208.

Dans
At der har kome danselinje, visste eg for så vidt om.
Og for meg var det ein revolusjon i seg sjølv.
Diverre har denne linja minka i popularitet dei seinare åra.
Vonar det endrar seg.
Speglar og barrer, i det same rommet eg heilt aleine fekk lov å trena min beskjedne jazzballett med medbrakt kassettspelar, for 36 år sidan.

Plattformer og tid
Kvelden kom.
Frode og Ann Mari dukka opp i tillegg til alle dei andre. No var me fulltallige.
Skulle gjerne vore minst 20 personar til, men på den andre sida fekk me no tid og rom til å møta kvar enkelt på sin måte. Kvar enkelt, med sin historie og sin plattform. Kvar enkelt frå fjern og nær.
Me las i minneboka til Vigdis og latteren sat laust.
Me mimra om dei utallige lokale karane som skyssa jentene frå Førde opp til skulen.
Ekteskap vart det også – for somme av dei.
Gjenfødt
Då eg la meg den kvelden følte eg meg litt «gjenfødt».
Skepsisen var definitivt vekke.
www.gjenfodt.no
www.gjenfodt.no er produsert i regi av Norad, for å minna oss om kor heldige me er som har havna på vår del av kloden.
Om nokon kan tenkja seg å «prøva på ny» ein annan stad.
Heilt tilfeldig har eg havna nett her.
Eg blir her gjerne også eg.

Snart er det stortingsval.
Skeptisk…………………….
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar