fredag 16. august 2013

Tåkeprat


«Min dystre mening er at mennesker bare kan enes om det som ikke interesserer dem»
(B. Russel 1872-1970)
Eg er i tett skodde.
På veg ned Tokagjelet.
På veg heim til Norheimsund.
På veg til Øystese på jobb i kunsthuset Kabuso.
Eg har flytta den yngste sonen inn i ny heim.
Ein fletta ny heim i eit fletta nytt bygg
på Grønneviksøren i Bergen.
Stor lykke!
For alle partar.



Eg er i tett skodde.
På veg inn i valkampen.
Fokuserer alt eg kan på vegmerkinga
men sjanglar frå side til side.
Den gule midtstripa
gjer at eg framleis held meg på vegen.
Den gule stripa gjer at eg reknar med å koma vel fram.
Kva er det som har skjedd med folk i dette trygge,  gode fredens land?
Kva er det som har gjort at me framleis har eit trygt, godt og fredeleg land?
Kven er det som har sete med makta
mesteparten av den tida folk flest har nådd ein på mange måtar, skyhøg levestandard?
Korleis er det med dei som av ulike grunnar har vore uheldige
og må gjera seg nytte av nokon av velferds-godene som finst i landet vårt?
Kva stemmer dei – spør eg meg ofte.
Kva stemmer dei?
Kva er det som får avdanka politikarar som skriv bøker, til å leggja ut om kor dumme andre, namngitte politikarar var for 17 år sidan.
Sanninga skal fram.
Er det viktig for valkampen?
Kanskje? Kanskje ikkje?
Svaret på dette, er definitivt i skoddeheimen.
Eg vonar skodda lettar både på min og andre sin veg.
Eg vonar folk greier å lyfta blikket og vera ærlege.

I gårmorgo kjende eg hausten då eg stod opp.
Skylaget  låg florlett rundt toppen av Kvitingen.
Himmelen elles var knallblå.
I dag regnar det.

  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar