onsdag 4. september 2013

Salige Ivar Aasen


Ivar Aasen vart fødd i 1813.
For to hundre år sidan.
Han vandra rundt i distrikta og samla inn talemålet til folk.
Ut frå innsamla materiale, danna han skriftspråket me idag kallar nynorsk.
Eg er lukkeleg over at han gjorde så.
Eg er lukkeleg og kjenner at eg lettare uttrykkjer meg på eit skriftspråk som ligg nærare talemålet mitt enn t.d. på bokmål.
Eg er også lukkeleg over at Ivar Åsen vart fødd i 1813 og ikkje t.d. 1983.

Eg høyrer mykje på radio.
Nyheiter, kulturnytt, ekko osb. osb.
Ein morgon eg høyrde på nyheitene frå NRK-Hordaland,
var det eitt av innslaga som vekte ekstra interesse.
Ikkje fordi det hadde så viktig innhald.
Nei, det var fordi det som hadde skjedd,
skjedde i Bessjarvik!
Eg hugsar ikkje att kva det var.
Men lat oss seia at det  til dømes kan ha vore at ferja hadde sjørt rett i kaien.
Ein sensasjon i seg sjølv.
Tenkjer nok at leiinga i Fjord1 eller kven det no er som har ferjeruta ut dit,
sjefta litt på dei som stod på brua då det hende.

Eg er eit sjærleg menneske.
Eg likar godt å både få og gje ein klem eller to.
Eg likar å visa folk at eg tykkjer dei er sjekke.
Eg strekkjer meg gjerne til ein sjyss på sjinnet også.
Eller på sjaken.

Ein tur til butikken for å handla middag.
Skal det vera fisk eller sjylling i dag?
Eller sjøtt?
Og kva med eit pakke sjeks?

Hadde salige Ivar vandra rundt i våre dagar, hadde me fått eit skriftspråk grunna på det talemålet me har i dag.
Eg påstår herved at det ville det vore vanskeleg å forhalda seg til.
Påstanden er teken ut av lause lufta.

Det er september.
Det er eit sjølig drag i lufta.
Eg skal mala sjøkenskåpa mine.






1 kommentar:

  1. Johooo! Heia Inger, du er sjempesjekk og ganske lur;)
    Klem frå Merethe G

    SvarSlett