fredag 20. september 2013

Eg traff ein rev



Her om kvelden, traff eg ein rev.
På vegen mellom Hisdal og Os.
Han sa ikkje så mykje.
For å vera ærleg, såg eg berre halen på han, der han sprang inn mellom trea då eg kom.

Ylvis går sin seiersgang verda over, med spørsmålet om kva reven seier.
«What does the fox say?»
Sett pr dato 38 923 449 gonger på youtube (20.09.)
Eit spørsmål  dei  færraste av oss nokon gong har ofra ein einaste tanke.
Det vil seia, eg har alltid hatt ei formeining om at reven bjeffar.
Men det er vel antageleg berre på grunn av at den har likheitstrekk med hunden.

Eg let meg imponera stort over folk som greier å finna på noko så sprøtt som dette.
Ylvis har imponert fleire gonger.
Mest når dei som no, tek ei heilt totalt absurd problemstilling ut av ramma den naturlleg høyrer heime.
Eller då dei  fekk Viking  stadion fullstappa med Mods-fans, til å hylla Jan Egeland!

Denne reven eg traff her om kvelden, er den andre reven eg har truffe på denne strekninga.
Den fyrste kom springande langs vegen.
Ein nydeleg liten kvalp var det.
Midt på ljose dagen.
Blid og fornøygd.
Såg ut som ein skikkeleg liten luring.
Eg stansa og såg på han ganske lenge.
Opp til fleire minuttar.

Vegen i Tokagjelet er stengd.
Fjellet er råte og dett ned.
Me har sveva i livsfare lenge – utan å vera klar over det.
Vegen til Os, går no via Mundheim og Fusa.
Det tek meg  45 minuttar meir enn den ovanfor omtala vegen.
Sjølv om Fusa er vakkert, må eg  likevel vera ærleg og seia at eg er glad eg ikkje er dagpendlar  nett no.
Eg som alltid har tala varmt om å gå inn i tida det tek å koma seg frå frukostbordet til arbeidsplassen.
Å sjå på den tida som ekstra tid til meditasjon.
Den tida eg nyttar til å tenkja ferdig alle tankane mine.
Den tida eg nyttar til å tenkja ut lure ting.

No får eg meir tid til tankar, meir tid til meditasjon og meir tid til lure ting.
Du verda!







                

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar